Historisk arkiv

Dialogkonferanse om barnevern i Bergen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Adresse: Bergen

Sted: Scandic Hotell Byparken

Barneminister Solveig Horne (FrP) møter fagfolk og lokale politikarar om barnevern. Det første av i alt fem møter blir halde i Bergen 2. november.

Statsråden ønskjer å vite kva utfordringar kommunane står ovanfor når det gjeld å hjelpa utsette barn og familiar og sikra gode oppvekstsvilkår.

Det er særleg to tema som skal diskuterast:

  1. Korleis kan kommunen, gjennom tidlig samarbeid med familien, og samarbeid med ulike sektorar, forebygga og unngå at barnevernssaker oppstår?
  2. Når ein barnevernssak kjem opp, korleis kan ein bruka hjelpetiltak i barnevernet mest mulig formålstenleg og målretta for å unngå ei omsorgsovertaking? Kva skal til for å følgje opp utsette barn på ein god måte?

Statsråden skal ha møter i kvar av dei fem barnevernsregionane til neste år.