Historisk arkiv

Overlevering NOU Barnevoldsutvalget

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Adresse: Inngang frå Møllergata 17, Oslo

Stad: Plenumsalen R4

Barne- og likestillingsminister Solveig Horne (FrP) tek torsdag 22. juni i mot ei offentleg utgreiing frå utvalet som har gjennomgått alvorlege saker der barn og ungdom har vorte utsette for vald, seksuelle overgrep og omsorgssvikt.

Oppgåva har vore å avdekke om, i kva grad og på kva måte det har vore svikt i det offentlege tenesteapparatet si handtering av desse sakene. Utvalet vart oppnemnt 13. november 2015 og vert leia av Ann-Kristin Olsen. 

Pressekonferansen blir overført på nett-TV på regjeringa.no, og utgreiinga vert også publisert på nett.