Historisk arkiv

Fyrsteleg betalt?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeidsdepartementet

Dagens Næringsliv 18. mars 2013

Leiarartikkelen i DN av 7. mars om verftsdomen er ganske meiningslaus, skriv statssekretær Norvald Mo.

Leiarartikkelen i DN av 7. mars om verftsdomen er ganske meiningslaus. Feil og upresise påstandar gjer det tydeleg at leiarskribenten neppe kan ha lest domen, og neppe forstått kva føremålet med allmenngjering er for noko. Føremålet er mellom anna å sikra at utanlandske arbeidstakarar skal ha likeverdige vilkår med norske. For å sikra det er derfor mellom anna reise, kost og losji for utstasjonert arbeidskraft allmenngjort ved verfta, slik at minsteløna der ikkje skal bli om lag 85 kroner, men om lag 135 kroner. Hadde staten tapt i Høgsterett ville utfallet for mange utanlandske arbeidstakarar vera at dei ville setja igjen med ei langt dårlegare løn enn dei som er direkte tilsette.

I og med at dei aller fleste utstasjonerte eller innleigde arbeidstakarar frå Aust-Europa er ufaglærde, vil dei mest sannsynleg ikkje ha krav på særleg meir enn minstelønna som følgjer av tariffavtalen som er allmenngjort. Dersom det skulle vera eit problem at arbeidsgjevar ikkje får trekt desse for kostnaden med reise, kost og losji, er løysinga å ta i bruk sosial dumping. Slik vil vi ikkje ha det i Noreg. Høgsterettsdomen forklarer på ein framifrå måte kvifor det ville vera å skapa ustabilitet i den norske modellen. Som Høgsterett uttalar i saka, ville ein ha stått i fare for å undergrava minstelønsordninga dersom det ikkje kan påleggjast dekning av denne typen utgifter. Det er all grunn til å setja seg inn i dei vurderingar som er gjort av den høgste domsstolen i landet. Og DN må gjerne meina at det å vera sikra ei løn på om lag 135 kroner timen er ”fyrstelig”, men då er det jammen mange i dette landet som har ”fyrstelige” inntekter.