Historisk arkiv

Jakta på det nye barneombudet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har nedsatt et barne- og ungdomspanel som skal være med å rekruttere det nye barneombudet.


Statsråd Audun Lysbakken møtte barnepanelet i Oslo

- Det var utruleg flott å møte så mange flinke barn og unge. Eg er sikker på at dei kjem til å gjere ein glimrande jobb. Dei er dei beste ekspertane på dette og det er derfor helt naturleg å få innspel frå dei når vi avgjer kva krav vi skal stilla til det nye barneombodet, seier barneminister Audun Lysbakken.

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har sett ned eit barne- og ungdomspanel som skal vere med å rekruttere det nye barneombodet. Panelet, som består av åtte medlemmer, var i dag samla for å starte arbeidet og møte statsråd Audun Lysbakken.

Deltakarane lærte om barneombodet sine oppgåver, om barns rettar og om rekruttering, for å gjere ein god innsats med å finne den beste kandidaten til jobben som nytt barneombod i Norge.

Panelet skal også i neste runde være med på å vurdere korleis kandidatane fyller krava dei har levert innspel til. Barna si vurdering av kandidatane vil vere viktig.
Les meir om prosjektet og sjå bileta frå møtet her.

Dei som sit i barnepanelet er:
• Otilie Næss
• Mikkel Emelian Almli-Solheim
• Sindre Farestad
• Makda Musie
• Marie Otelie Thorstensen
• Martin Bjerke Fredriksen
• Marianne Kufaas Sæterhaus
• Ruben Paulsen
• Oda Jess Langaas
• Malin Andrea Eide
• David Hui