Historisk arkiv

Sikring av Det Mosaiske Trossamfund

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet

- Noreg skal vere eit land der alle kan leve i tryggheit. Jødane i Noreg blir stadig utsette for truslar, og det er behov for sikringstiltak. Regjeringen har satt av 500.000 kroner i 2013 til sikring av synagogen i Oslo, seier fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud.

- Undersøkingar har vist at det er aukande antisemittisme i Noreg. Det er fullstendig uakseptabelt. Norske jødar lev med trakassering, hets og konkrete trugsmål. Eg håpar at vi med dette tiltaket kan bidra til at fleire føler seg trygge i synagogen, seier fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud.

Det Mosaiske Trossamfund har tatt opp behovet for tryggingstiltak med statsråden. Dei har store utgifter til vakthald ved synagogen. Vakthaldet har så langt vore finansiert av bidrag frå medlemmane.