Historisk arkiv

Ny teknologi gir nye moglegheiter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Opningsinnlegg av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på konferansen "Fremtidens byggjebransje" tirsdag 31. mars 2009.

Opningsinnlegg av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på konferansen "Fremtidens byggjebransje" tirsdag 31. mars 2009.

Med atterhald om endringar under framføring.

 
Takk for invitasjonen til å snakke for leiarane i byggenæringa.

Ei berekraftig utvikling med vekt på redusert energiforbruk og klimautslepp står i fokus både i Noreg og i verda elles. IKT-basert teknologi, som buildingSMART, gjev meir effektive bygningsprosessar, og kan vere eit bidrag for å omforme bransjen i ein miljøvennleg og berekraftig retning med monaleg mindre energiforbruk og klimautslepp.

Byggenæringa er ein dei største næringane både når det gjeld verdiskaping og sysselsetjing i Noreg. I 2005 utgjorde BAE næringa 13,6 % av BNP i Noreg.  Det offentlege står for heile 40 % av etterspurnaden i bygg- og anleggsnæringa. Det betyr at styresmaktene både har ei spesiell interesse av og eit spesielt ansvar for innovasjon og utvikling innan denne næringa.  Korleis tek vi vare på dette ansvaret?

I innovasjonsmeldinga, som nettopp er lagt fram, omtalar Regjeringa sin strategi. Og det er to område som står sentralt her: Det eine er at styresmaktene gjennom reguleringar og direkte verkemiddel skal fremje innovasjon, og det andre er at styresmaktene vil fremje innovasjon gjennom å etterspørje nye løysingar. Staten skal vere ein krevjande kunde!

Den svenske innovasjonsforskaren Kristian Widen ved Universitetet i Lund peiker på at byggenæringa er spesielt avhengig av krevjande og kompetente kundar for å få til større prosessinnovasjonar gjennom heile verdikjeda. Han konkluderer med at det berre er store offentlege byggherrar med eit klart mandat til å vere ein krevjande kunde som kan ta den  rolla som drivarar av nyskapningsprosessar.

BIM teknologien skaper mogelegheiter for helt nye og meir effektive samhandlingsmønstre i byggenæringen og er epokegjerande for næringa.  BuildingSMART arbeidet i Noreg, og det sterke internasjonale engasjementet som norsk byggenæring har vist på dette området, er eit godt eksempel på nytenking og innovasjon innan norsk næringsliv i dag. Gjennom buildingSMART- initiativa har vi klart å få til ein standardisert utvikling av informasjonsflyt basert på opne, internasjonale standardar. Dei store offentlege byggherrane har dei seinare åra vore  viktige  pådrivarar for dette. Særleg gjeld det Statsbygg, som eg har ansvaret for, og Forsvarsbygg (som er dagens vertskap).

Statsbygg si BIMsatsing vart forankra i målretta utviklingsarbeid allereie våren 2005, og våren 2007 vedtok dei å satse på BIM. Satsinga skulle basere seg på opne internasjonale standardar og dette skulle innarbeidast i Statsbygg sin daglege prosessar. Det vart utarbeidd ein intern utviklingsstrategi kalla ”1-5-15-alle” som omtalte korleis Statsbygg gradvis fram til 2010 skulle ta i bruk BIM i byggeprosessen. Strategien var å bruke eigen organisasjon som utviklingsarena, kombinert med aktiv bruk av norske samarbeidspartar mellom anna gjennom offentleg utviklingskontraktar (OFU kontraktar) og andre FOU verkemiddel. Første gong det vart krev at BIM skulle leggjast til grunn i ein ordinær byggeprosess var for Universitetet i Stavanger for om lag eitt år sidan.

Kva ventar eg så av byggherrane og resten av næringa når de no tek i bruk Bygnings informasjons modellar (BIM)?  Som eg nemnde innleiingsvis er byggenæringa ein stor og viktig næring for utviklinga av landet på mange områder. Samstundes legg den beslag på store ressursar, både menneskelege og materielle. Dette er verdiar og ressursar vi må forvalte godt og effektivt. Det er i dag alt for mange byggefeil og for dårlig bruk av ressursane i ein byggeprosess.  Byggskadar, som til dømes fuktskadar, fører i tilegg til redusert levetid for bygningane. Bruk av BIM teknologi vil redusere talet på byggefeil. Dette er for meg ikkje berre eit spørsmål om økonomi, men òg eit spørsmål om miljø.

Næringa har arbeidd med å handtere avfall frå byggeprosessane.  BIM teknologien koordinerar og kommuniserar presist og gjer det mogleg å redusere avfallsmengda monaleg. Det å måtte kassere bygningsmaterialar som er feiltilpassa eller pigge ned ein betongvegg som nettopp er satt opp, har ikkje berre ei kostnadsside,  men er og ein miljøbelastning som byggenæringa ikkje lenger kan tillate seg.

Byggenæringen (og Statsbygg) må tenke lengre fram og meir heilskapeleg for å møte klimautfordringane enn det som tradisjonelt har vorte gjort. De må både sjå på bygningane sine direkte og indirekte klimapåverknader. Med indirekte påverknad tenkjer eg til dømes på klimaeffektar ved  produksjon og val av byggematerialar og på korleis lokalisering av bygningen kan gje auka transportbehov. Statsbygg sitt arbeid med utvikling av klimagassregnskapet.no, knytt til bruk av BIM modellar og GIS analysar, betyr at staten og  andre får eit meir heilskapleg grunnlag til å ta avgjerder på. Premissar i klimapolitikken vert knytt til bygging, lokalisering av funksjoner og bruk av eigedommar og innarbeidd tideleg i planlegginga.

BIM bør vidare nyttast til å utvikle ein klar strategi for reduksjon av klimagassutslepp frå energibruk: Som Administrasjonsminister er eg òg oppteken av energibruk i offentlege bygningar. BIM teknologien gir moglegheiter til å analysere bygga sine energibehov tidleg i planleggingsfasen. Dette vert viktig for å designe og bygge meir energigjerrige bygg i framtida.

BuildingSMART- ideen bygger på det grunnleggande prinsippet om at utveksling av informasjon skal skje gjennom bruk av opne, internasjonale standardar.  Dette er òg eit grunnleggjande prinsipp i IKT politikken i heile staten. BuildingSMART arbeidet i Noreg er eit godt døme på korleis ei slik føring frå det offentlege skapar grunnlag for produktutvikling innan IKT industrien. Her spelar det offentlege verkemiddelapparatet, med mellom anna Innovasjon Noreg, ei viktig rolle. Statsbygg har i dag 3 offentleg utviklingskontraktar (OFU kontraktar) med norske IKT verksemder knytt til utviklinga av BIM teknologien. Verksemdene utviklar ikkje berre gjennom dette løysingar som vil vere med å effektivisere Statsbygg, men òg løysingar som  kan nyttast i byggenæringa både nasjonalt og internasjonalt. Ei av disse verksemdene; Nosyko (direktøren er frå Lærdal ) har allereie opplevd internasjonal merksemd for IKT løysingar  utvikla for Statsbygg, den såkalla ”kravBIMen”.

Mi melding til dykk som leiarar i byggenæringa er derfor kort og godt: Staten vil fortsette å vere ein krevjande kunde der utvikling, teknologi og miljø vil ligge til grunn for samhandlinga.

For å understreke dette kan eg i dag gje dykk ein nyheit. Som kjent har Kulturdepartementet gjeve byggherreansvaret for det nye Nasjonal museet på Vestbanen til Statsbygg. I går lanserte Statsbygg ein internasjonal arkitektkonkurranse for museet. I konkurransen er det eit krav at innlevering av modellar berre skal vere elektronisk og basert på opne standardar. Dette vil gje juryen betre avgjerdsdokumentasjon ikkje minst i høvet til vurdering av energibruken i bygga. Med dette som utgangspunkt kan BIM teknologien nyttast gjennom heile prosjektet. Dette er eit viktig signal til buildingSMART miljøa både i Noreg og internasjonalt. Opne standardar, større effektivitet, miljøomsyn vil gje konkurransefordelar. Vi har peika ut retninga og no går vi, for dette er framtida.   

Vanskelege tider krev nytenking.  Nye utfordringar som til dømes klimaproblematikken krev endring av åtferd og nye løysingar. I eit kunnskapssamfunn som vårt er utvikling av teknologi og vilje til å ta denne i bruk kanskje det viktigaste verkemidlet vi har for å få fart på økonomien og medverka til ein framtidsretta miljøvenleg samfunnsutvikling. Når vi har teknologien må vi ta den i bruk. Dette vil krevje utfordrande omstillingar for oss alle i ein kort tidshorisont, men på lang sikt trur eg at miljøvenlege og produksjonseffektive løysingar vil auke konkurransekrafta vår.

BuildingSMART inngår i eit slikt perspektiv. Eg er imponert over det utviklingsarbeidet og samarbeidet som er gjort på dette området. Byggenæringa, IKT-verksemder, innovasjonsmiljø og styresmaktene har stått saman. Eg er viss på at det er ei vinnarsak når nyskaping, verdiskaping og miljø er på same lag.

Lukke til med det vidare arbeidet!