Historisk arkiv

Regjeringa vil fjerne forbrenningsavgifta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Regjeringa foreslår at forbrenningsavgifta på avfall blir avvikla frå 1. oktober 2010. Dette er same dato som Sverige avviklar si forbrenningsavgift. Avviklinga vil betre konkurransesituasjonen til den norske avfallsbransjen. Regjeringa legg opp til at utslepp frå avfallsforbrenning framleis skal regulerast gjennom strenge konsesjonskrav.

Regjeringa foreslår at forbrenningsavgifta på avfall blir avvikla frå 1. oktober 2010. Dette er same dato som Sverige avviklar si forbrenningsavgift. Avviklinga vil betre konkurransesituasjonen til den norske avfallsbransjen. Regjeringa legg opp til at utslepp frå avfallsforbrenning framleis skal regulerast gjennom strenge konsesjonskrav.

– Avfallsforbrenningsbransjen er i ein vanskeleg konkurransesituasjon, som blir forverra når den svenske forbrenningsavgifta blir avvikla 1. oktober 2010. Regjeringa ønskjer å bidra til å redusere forskjellane i kostnadsnivå mellom svenske og norske forbrenningsanlegg. Utslepp frå avfallsforbrenning blir dessutan reduserte gjennom strenge krav til utsleppsnivå, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.

Avgifta motiverer i utgangspunktet til å redusere avfall, til attvinning av materiale og til å redusere utslepp av ei rekkje helse- og miljøskadelege stoff ved forbrenning. Det vil likevel vere overlapping mellom andre reguleringar av avfallsmarknaden og verkeområdet for avgifta. Dette gjer at avgifta ikkje er eit særs effektivt verkemiddel. Utslepp ved avfallsforbrenning blir i dag regulert gjennom strenge krav til maksimale utsleppsmengder. Det skal framleis stillast strenge utsleppskrav til forbrenningsanlegga.

Eksport av avfall til forbrenning i Sverige har auka monaleg dei siste åra og reduserer tilgangen til avfall for den norske avfalls- og fjernvarmebransjen. Avgjerda om å avvikle den svenske forbrenningsavgifta har truleg forsterka denne utviklinga.

Etter ei totalvurdering  foreslår Regjeringa at sluttbehandlingsavgifta for avfall til forbrenning blir avvikla frå 1. oktober 2010. Regjeringa vil følgje med på utviklinga i avfallsmarknaden, for mellom anna å sjå om fjerninga av avgifta får verknad for attvinninga av materiale. Det skal seinare også leggjast fram ei evaluering av miljøkonsekvensane av å fjerne forbrenningsavgifta.