Historisk arkiv

Fiskeri- og kystdepartementet vil setje i verk særskilde tiltak i Hardangerfjorden

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Kontakt: Avd. direktør Yngve Torgersen, tel 90143951

- Eg meiner at situasjonen i Hardangerfjorden no krev særskilde forvaltningstiltak retta mot havbruk. Det er viktig for meg å sikre ei berekraftig forvalting av oppdrettsnæringa i Hardangerfjorden. Dette må gjerast både gjennom nytenking når det gjeld forvaltingstiltak og meir forsking, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

- Eg meiner at situasjonen i Hardangerfjorden no krev særskilde forvaltningstiltak retta mot havbruk. Det er viktig for meg å sikre ei berekraftig forvalting av oppdrettsnæringa i Hardangerfjorden.  Dette må gjerast både gjennomnytenking  når det gjeld forvaltingstiltak og meir forsking, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.    

Med verknad frå i dag er det ikkje mogleg å klarere nye lokalitetar for laksefisk eller å utvide eksisterande lokalitetar i Hardangerfjorden. Etter ei konkret vurdering kan det likevel giast klarering for lokalitetar og løyve til flytting til ein annan lokalitet i Hardangerfjorden. Tiltaka er sette i verk for å gi ein samla og klår gevinst for bereevna til fjordområdet, for å betre fiskehelsa, redusere problem med lakselus og for å betre   tilhøva for villaks og sjøaure og den langsiktige utviklinga til næringa. 

Det vil og bli nye restriksjonar på flytting av fisk til lokalitetar i Hardangerfjorden. Fram til i dag kunne oppdrettarar berre sende ei melding til styresmaktene om dette. Frå i dag må det søkjast om slik flytting. På denne måten kan styresmaktene få betre kontroll med vidare auke i mengda av oppdrettslaks og -aure i Hardangerfjordområdet. 

Ved tildeling av lokalitetar har styresmaktene tradisjonelt sett på den einskilde lokalitet og eit nærområde rundt denne.  

- Strakstiltaka inneber ei mellombels frysing av dagens situasjon i Hardangerfjorden, til ei meir permanent forskrift er utarbeidd. Denne vil bli send på høyring og vedteken innan utgangen av 2008. Det er altså snakk om å ”setje ein fot i bakken” medan ein ventar på ei avgjerd om meir permanente tiltak, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen. 

Lenkjer:

  • Fiskeri- og kystdepartementets brev til Fiskeridirektoratet og Mattilsynet av 8. april 2008
  • Forskrift om endring av forskrift 22. desember 2004 nr 1798 om tillatelse til akvakultur for laks, ørret og regnbueørret  (laksetildelingsforskriften)