Historisk arkiv

Å skape verdas fremste sjømatnasjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Pressekontakt: pressevakta 22 24 66 99

- Eg inviterer til samarbeid mellom myndigheiter og næring, slik at vi kan bruke dei samla ressursane våre til å vidareutvikle den norske sjømatnæringa til beste for kysten og skape verdas fremste sjømatnasjon, sa fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen på Midt-norsk fiskerikonferanse i Kristiansund i dag.

- Eg inviterer til samarbeid mellom myndigheiter og næring, slik at vi kan bruke dei samla ressursane våre til å vidareutvikle den norske sjømatnæringa til beste for kysten og skape verdas fremste sjømatnasjon, sa fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen på Midt-norsk fiskerikonferanse i Kristiansund i dag.  

- Kristiansund sitt mål om å vere senter for ein leiande sjømatregion varmar ein fiskeriministers hjarte, og gjer meg trygg på at vi saman skal klare å nå regjeringa sin visjon om at landet vårt skal bli den fremste sjømatnasjonen i verda. Det viktigaste med visjonen er at vi skal bruke fiskeri- og havbruksressursane våre så godt vi kan for å skape verdiar, sa Berg-Hansen. 

Den norske sjømatnæringa har eit veldig godt utgangspunkt. Fiskeri- og havbruksnæringa kan levere ferskt råstoff av god kvalitet. Samtidig har Noreg relativt kort veg til den godt betalande EU-marknaden. Dette viser også tala for norsk sjømateksport som har utvikla seg sterkt dei siste 6 åra, frå 26 milliardar kroner i 2003 til over 44 milliardar kroner i fjor. Og veksten ser ut til å halde fram. Eksporttala for mai viser ein vekst på 17 prosent samanlikna med same månad i fjor. Hittil i år er det eksportert norsk sjømat for nesten 20 milliardar kroner, ein auke på 16 prosent i høve til i fjor. Det er laksen som står for hovuddelen av veksten, men også eksporten av klippfisk og saltfisk, i tillegg til fersk og fryst torsk, aukar kraftig. 

Trass i det gode utgangspunktet har fiskeindustrien gjennom mange år slite med låg lønnsemd. Dei best betalande kundane spør etter kvalitet, og kvalitetsarbeid vil vere avgjerande for at næringa skal lukkast med å auke verdiskapinga. Målet må vere at all fisk som blir landa skal ha ein slik kvalitet at landindustrien fritt kan velje korleis han skal brukast. 

- Eg ønskjer å leggje til rette for at Noreg har ei lønnsam og nyskapande sjømatnæring. Samtidig ønskjer eg å bidra til at mest mogleg av verdiane som blir skapte langs kysten kjem kystsamfunna til gode. Meir lokal bearbeiding og innkjøp frå lokale leverandørar er viktige stikkord, slo fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen fast.

Eit verkemiddel i dette arbeidet er det marine verdiskapingsprogrammet som Fiskeri- og kystdepartementet har etablert for å bidra til å fremme marknadsorienteringa i fiskeri- og havbruksnæringa. Gjennom rådgiving, tilskot og tilrettelegging for samarbeid får bedrifter hjelp til å utvikle gode marknadsstrategiar og å styrkje marknadsposisjonen sin.