Historisk arkiv

Endra vernetiltak for kysttorsk i 2010

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

- Torsken er viktig i økosystema langs kysten, og er samtidig grunnlaget for ein stor del av kystfisket. Hovudutfordringa er å få til ei regulering som reduserer uttaket av kysttorsk, samtidig som vi held oppe eit tradisjonelt fiske og næringsaktiviteten langs kysten. På lang sikt er det i alle si interesse å ha sterke, lokale torskebestandar, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

- Torsken er viktig i økosystema langs kysten, og er samtidig grunnlaget for ein stor del av kystfisket. Hovudutfordringa er å få til ei regulering som reduserer uttaket av kysttorsk, samtidig som vi held oppe eit tradisjonelt fiske og næringsaktiviteten langs kysten. På lang sikt er det i alle si interesse å ha sterke, lokale torskebestandar, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Fiskeri- og kystdepartementet har på bakgrunn av tilstanden til bestandane av kysttorsk, og etter råd frå Havforskingsinstituttet og Det internasjonale råd for havforsking (ICES), innført ei rekkje vernetiltak for å avgrense yrkesfisket og fritidsfisket av kysttorsk. Dei første tiltaka vart innførte i mai 2004 og er sidan utvida og justerte.

Tiltaka følgjer av den vedtekne gjenoppbyggingsplanen for kysttorsk nord for 62°N og høyringsprosessen rundt vernetiltak sør for 62°N. Dette inneber ei ytterlegare skjerping av vernetiltaka frå 2009 som vart forlenga inn i 2010. Målet er å sikre fullt reproduksjonspotensial for bestandane av kysttorsk.

 

- Minstemålet for torsk settes til 44 cm i hele området nord for 62°N. Gjeld frå 2011.

- Minstemålet for hyse settes til 40 cm i hele området nord for 62°N. Gjeld frå 2011.

- Det generelle forbodet mot å fiske med snurrevad innanfor fjordlinjene blir vidareført, med unntak for fiske med flyndretrål for fartøy under 11 meter i fiske etter flyndre og lysing innanfor fjordlinjene. Gjeld i perioden frå 1. juni til 31. desember.

- Høvet ferskfisktrålarane har hatt til å fiske mellom 4 og 6 nm fell bort.

- Lysfiske etter brisling og sild blir forbode. Dersom fartøya har observatør om bord, kan dei få unntak frå forbodet som eit ledd i kunnskapsinnhentinga.

- Sør for 62°N blir minste maskevidde for garn sett til 126 mm. Gjeld frå 2012.
- I fritidsfiske blir tillaten garnmengde redusert frå 210 meter til 165 meter. Gjeld frå 2011.

- Fritidsfiskarane sitt høve til å fiske torsk for omsetning blir avgrensa til 1000 kg torsk per utøvar og per fartøy. Gjeld frå 2011.

- Fiskeridirektoratet greier ut moglege tiltak i krepsetrålfisket.

- Fjordlinjer i sør blir greidd ut vidare med sikte på implementering frå 2012.

- Fiskeridirektoratet er bedt om å intensivere arbeidet med å definere eigna verneområde, med sikte på innføring frå 2011.

Krav om å bruke sorteringsrist i rekefisket i sør og eventuelt høve til å bruke oppsamlingspose vil bli vurdert nærare i samband med harmoniseringa av det tekniske regelverket for Skagerrak og Nordsjøen.

Ytterlegare tiltak vil bli vurdert i lys av bestandssituasjon og oppdaterte råd frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES).


Gjenoppbyggingsplan for kysttorsk nord for 62°N  (17.03.2010)

Vernetiltak for norsk kysttorsk i 2010 – gjenreisingsplan  (18.12.2009)

Vernetiltak for norsk kysttorsk i 2009    (19.12.2008)

Nytt minstemål for torsk og hyse (lenke til Fiskeridirektoratet)

Strengere vernetiltak for kysttorsk (lenke til Fiskeridirektoratet)

 

 

Kontakt: avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22 24 64 47