Historisk arkiv

Regulering av fisket etter reker i 2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter reker i 2012. Den norske totalkvoten av reker er sett til 5855 tonn, med 2555 tonn i Nordsjøen og 3300 tonn i Skagerrak. Dette er ein reduksjon på 15 prosent frå 2011.

Reguleringane for inneverande år vert vidareførte i 2012. Den samla kvoten kan fiskast over tre periodar. I den første perioden fram til 30. april kan 40 prosent av den samla kvoten fiskast. I dei neste to periodane, frå 1. mai til 31. august og 1. september til 31. desember, kan 30 prosent av den samla kvoten fiskast i kvar av periodane. Maksimalkvoten for dei enkelte fartøya er sett til 40 tonn i første periode og 30 tonn i kvar av dei to neste periodane.

Fartøy under 20 meter største lengd kan halde fram å fiske innanfor eit garantert kvantum på 7 tonn i kvar av dei tre periodane, sjølv om periodekvotane er oppfiska.

Helgedagsfredinga vert vidareført som i 2011.  

Kontakt, Sverre Johansen, tlf, 22 24 64 47