Historisk arkiv

Regulering av fisket etter sei nord for 62°N i 2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har i dag fastsett forskrift om regulering av fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62°N i 2012.

Fiskeri- og kystdepartementet har i dag fastsett forskrift om regulering av fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62°N i 2012. Etter at kvotar til forsking, rekreasjonsfiske med vidare er trekte frå den nasjonale kvoten, kan norske fartøy fiske 142 000 tonn sei i 2012. Langt frå heile tredjelandskvoten er fordelt og det kan bli ytterlegare kvote disponibel for norske fiskarar.

Totalkvoten for sei nord for 62°N i 2012 er fastsett til 164 000 tonn. Dette er ein reduksjon på 9000 tonn eller ca. 5 prosent frå 2011. Vi har ikkje fiska opp kvoten dei siste åra, og dei fleste kan fiske mykje sei også i 2012. For kystflåten vert det også neste år fritt fiske på sei med garanterte kvotar.
 
Den norske kvoten er fordelt med 53 960 tonn (38 prosent) til fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar, 35 500 tonn (25 prosent) til notfartøya og 52 540 tonn (37 prosent) til trålarane. 400 tonn av kvoten er sett av til agnformål.
 
Gjenståande seikvotar frå 2011 vert ikkje førde over til 2012. Det vil ikkje bli mogleg å overføre seikvote frå 2012 til 2013 grunna usikkerheita i bestandsgrunnlaget, tilgangen og fisket dei siste åra.

Konvensjonelle havfiskefartøy kan fiske 5936 tonn og vert regulerte med ein maksimalkvote på 500 tonn.

Konvensjonelle kystfiskefartøy i lukka gruppe kan fiske 40 470 tonn og vert regulerte med fritt fiske og ein garantert kvote mellom 10 og 89 tonn avhengig av heimelslengd.

Fartøy i opa gruppe kan fiske 7554 tonn sei i 2012 og får fritt fiske innanfor gruppekvoten, med garanterte kvotar på 8 tonn.

Fartøy som fiskar sei med not kan fiske ein maksimalkvote mellom 230 og 1297 tonn. Det er gitt garanterte kvotar mellom 84 og 474 tonn.

Torsketrålarane kan fiske 42 032 tonn av trålkvoten og seitrålarane kan fiske 10 008 tonn etter at det er avsett 500 tonn til å dekkje bifangst i industritrålfisket.

Trålgruppa er regulert med maksimalkvotar og garanterte kvotar. Fartøy med torsketrålløyve har desse kvotane: Fabrikktrålarar 689 tonn, av det 535 tonn garantert, ferskfisk- og rundfrysetrålarar 522 tonn, av det 405 tonn garantert og småtrålarar 303 tonn, av det 235 tonn garantert. Fartøy med seitrålløyve får maksimalkvotar etter ein stige frå 388 tonn til 1108 tonn og garanterte kvotar frå 280 tonn til 799 tonn.

Kontakt, seniorrådgjevar Geir Martin Lerbukt, 22 24 61 93