Historisk arkiv

Regulering av fisket etter uer nord for 62°N i 2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter uer nord for 62°N i 2012.

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter uer nord for 62°N i 2012.

Forbodet mot direktefiske etter uer med konvensjonelle reiskapar blir utvida til å omfatte perioden frå 20. desember til 31. juli, i tillegg til september månad. Dermed blir fredingstida utvida frå 5 til vel 8 månader. Det er eit tiltak for raskare oppbygging av bestanden. Unntaket for fiske med juksa blir vidareført.

Maksimal bifangst av uer som er tillete i fiske etter andre artar med konvensjonelle reiskapar er sett til 25 prosent. Det vil bli ein større gjennomgang av reglane om bifangst av uer i 2012, fordi bifangst i andre fiskeri utgjer det største uttaket av bestanden.
 
Desse endringane vil bli tekne inn i forskrift om utøving av fisket og gjeld frå 1. januar 2012.

Kontakt, seniorrådgjevar Bernt Bertelsen, tlf 22 24 64 93