Historisk arkiv

- Fisk er godt for helsa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

- Det er ingen tvil om at fisk er bra for helsa. Sjømat representerer difor eit naturleg alternativ til ei rekkje helsekostprodukt og pillar. Vi må ikkje erstatte sjømaten med Omega 3-tablettar, men heller supplere med dei – dersom det trengst, sa statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet då han tysdag opna Sjømatkonferansen 2007 i Bergen.

Trendar, helse og framtidas forbrukarar er stikkord for årets konferanse, som er arrangert av Norsk Sjømatsenter i samarbeid med Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES).

Styresmaktene engasjerer seg for å auke sjømatforbruket og i haust vil det bli mange aktivitetar i norsk barnehagar og skular for å auke kunnskapen om sjømat.

- Ungar et meir enn gjerne fisk som dei likar. Og om ungane vil ha fisk, er eg trygg på at også foreldra vil ete meir sjømat, sa Vidar Ulriksen.