Historisk arkiv

Etablerer arbeidsgruppe for kystfisket i sør

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

- Både ressurssituasjonen og konfliktane mellom ulike interessegrupper viser at vi så langt ikkje har lukkast i å etablere robuste og langsiktige forvaltningsregime for kystfisket i sør. Vi vil derfor opprette ei arbeidsgruppe for å gjennomgå dei ulike problemstillingane. Arbeidsgruppa skal både beskrive situasjon slik han er i dag og komme med forslag til reguleringstiltak, seier statssekretær Kristine Gramstad.

Statssekretær Kristine Gramstad deltok i dag på Langesundkonferansen, som har sett fokus på forvaltninga av dei marine ressursane i Skagerrak. I innlegget sitt snakka statssekretæren om behovet for berekraftig forvaltning, og ho varsla at det skal etablerast ei arbeidsgruppe som skal gå gjennom problemstillingane knytt til kystfiske i sør på breitt grunnlag. Alle relevante interessegrupper vil bli involvert.

- Både ressurssituasjonen og konfliktane mellom ulike interessegrupper viser at vi så langt ikkje har lukkast i å etablere robuste og langsiktige forvaltningsregime for kystfisket i sør. Vi vil derfor opprette ei arbeidsgruppe for å gjennomgå dei ulike problemstillingane. Arbeidsgruppa skal både beskrive situasjon slik han er i dag og komme med forslag til reguleringstiltak, seier statssekretær Kristine Gramstad.

Departementet sender no ut invitasjon til å delta i arbeidet til ei rekkje organisasjonar, og tek sikte på at arbeidsgruppa skal vere ferdig med arbeidet til sommaren 2012.