Historisk arkiv

Sjømatkonferansen i Bergen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksen si opningstale ved Sjømatkonferansen i Bergen 21. oktober 2008.

Statssekretær Vidar Ulriksen si opningstale ved Sjømatkonferansen i Bergen 21. oktober 2008.

Kjære sjømatvenner!

Takk for invitasjonen til å opne årets Sjømatkonferanse. Eg vil gi honnør til Stiftelsen Fiskeriforum Vest og Norsk Sjømatsenter som står bak årets konferanse. Sjømatkonferansen er ein viktig møtestad for sjømatnæringa, sjømatforskarar og myndigheitene, der vi kan drøfte og hente inspirasjon til vidare arbeid og utvikling.

Stikkord for dagen i dag er berekraftig forvaltning, miljø og helse. Korleis kan sjømatnæringa vinne kampen om forbrukarane? Eg vil leggje hovudvekta på korleis myndigheitene møter nokre av utfordringane vi står overfor. Seinare i dag skal vi få høyre meir om kva som skjer på dette området, både på forskings- og næringssida.

Sjømat - ei berekraftig næring

Noreg er eit føregangsland når det gjeld berekraftig forvaltning. Dette vart slått fast i fjor, i ein rapport utarbeidd av forskarar knytte til det kanadiske universitetet University of British Colombia. Undersøkinga vart gjennomført på oppdrag av Verdas naturfond WWF, og evaluerte fiskeriforvaltninga til 53 kyststatar. Noreg får særleg skryt for arbeidet mot ulovleg fiske og utkast av fangst, og haustar lovord for eit langvarig og målretta arbeid på dette området.

Ei berekraftig forvaltning av ressursane i havet er ikkje berre viktig for å  sikre verdiskaping og sysselsetting i sjømatnæringa i eit langtidsperspektiv. Forbrukarar i dei største marknadene for norsk fisk ønskjer forsikring om at sjømaten dei et er berekraftig forvalta og at den ikkje stammar frå trua bestandar. Kjøpesenterkjedene i Europa blir meir og meir medvitne om dette og opplever at forbrukarar spør etter miljømerka produkt. EU har bestemt at all villfisk som blir importert til EU skal ha dokumentasjon med seg på at den er lovleg fanga frå og med 1. januar 2010.

Det norske omdømmet som leiande innan fiskeriforvaltning kan bli ein av dei viktigaste konkurransefordelane våre, og det er viktig at vi lukkast i å formidle dette til forbrukarane.

Norsk fiskerinæring har valt å bruke det private sertifiseringsorganet MSC for å dokumentere at fisken er berekraftig forvalta. Eg er kjend med at enkeltaktørar i næringa også har teke i bruk andre private miljømerkeordningar som for eksempel det svenske miljømerket KRAV. For at dei private merkeordningane skal ha den nødvendige tilliten er det nødvendig å vite nøyaktig kvar og når fisken er fanga eller slakta, og på kva måte den har kome fram til disken i butikken. Sporing står difor sentralt i arbeidet med å dokumentere berekraft. Når det er sagt – å innføre eit system for sporing er både dyrt og komplisert. Dette var også grunnen til at regjeringa i 2006 starta eit større e- sporingsprosjektet. Prosjektet er eit samarbeid med Mattilsynet og næringsaktørar i heile matproduksjonskjeda. Målet er å leggje til rette for etablering av ein nasjonal, elektronisk infrastruktur for effektiv utveksling av informasjon i matproduksjonskjeda innan utgangen av 2010.

Næringa er allereie godt i gang med fleire sporingsprosjekt. Gjennom desse prosjekta kan vi hauste erfaringar som venteleg vil gjere det lettare for dei som følgjer etter. 

Sjømat og ungdom

Vårt eige land er ein viktig sjømatmarknad, både fordi vi er eit folk som et mykje fisk og fordi erfaringa som blir hausta her heime kan vere nyttig ute i dei andre marknadene. Det er eit mål for regjeringa å leggje til rette for eit sunt og balansert kosthald i befolkninga, mellom anna gjennom auka sjømatkonsum. Dessverre er det slik at annakvart barn i Noreg i alderen fire til 13 år sjeldan eller aldri et sjømat. Barn, ungdom og unge vaksne et langt mindre fisk enn den eldre delen av befolkninga, og dette er ein trend vi ønskjer å snu. Vi veit at barn og unge liker sjømat, vel og merke så lenge den er laga på ein god måte. I mai i år lanserte regjeringa prosjektet Fiskesprell som eit landsomfattande tilbod for å auke inntak av sjømat blant barn og unge. Fiskesprell er eit ledd i regjeringa sin Handlingsplan for betre kosthald i befolkninga. Eg vil rose det arbeidet som blir gjort i dette prosjektet, som vi skal høyre meir om seinare i dag. Fiskeri- og kystdepartementet har saman med Eksporutvalet for fisk bestemt å doble løyvingane til Fiskesprell i 2009.

Vi har alltid visst at fisk er sunt, men kvifor er det eigentleg så viktig å ete fisk? Det vi veit i dag er at fisk ikkje berre er godt, men ein heilt nødvendig del av eit balansert kosthald. Dei gunstige verknadane av eit fiskerikt kosthald er mange. Norske myndigheiter er opptekne av å dokumentere helseverknadane av å ete fisk og sjømat slik at dei alltid kan gi gode kosthaldsråd til befolkninga. I dette ligg behovet for kunnskap både om verknadane av eventuelle framandstoff i fisk og om dei gunstige verknadane fisk har for helsa vår. Forsking innan desse områda skjer blant anna på NIFES, medan Vitskapskapskomiteen for mattryggleik har hovudansvaret for risikovurderingane knytt til mat. Resultatet av arbeidet er som regel oppløftande; blant anna er det ting som tyder på at sjømat i kosten fører til betre læring hos barn, og at sjømat i kosthaldet kan motverke og førebyggje veksten i diabetes og overvekt blant barn og unge.

Sjømat er og blir den beste kjelda til den fleirumetta feittsyra omega-3, men det skulle vi knappast tru når vi kikkar i butikkhyllene. Der ser vi stadig nye produkt som reklamerer med at dei er ei god kjelde til omega-3. Det som gjerne ikkje kjem like tydeleg fram er at mykje av denne omega-3’en ikkje kjem frå sjømat der ein har dokumentert dei positive helseeffektane, men frå plantar. I tillegg har det begynt å dukke opp produkt som er tilsette marint omega-3, blant anna smør, jogurt og kjøtpølser. Desse nye, og kanskje uventa konkurrentane til laks, sild og makrell blir kalla ”berika” eller opprika matvarer, det vil seie at produkta blir tilsette stoff som dei ikkje inneheld i utgangspunktet.

Mykje tyder på at trenden med opprika produkt er aukande. Tidlegare gav Mattilsynet løyve til oppriking dersom dei meinte at det fanst behov for ekstra tilførsle av enkelte næringsstoff i befolkninga. No, på grunn av endringar i EØS-regelverket, er praksisen blitt slik at søknader om oppriking blir vurderte ut frå om tilsetninga kan utgjere ein helsefare. Dette vil medføre at vi snart kan finne omega-3 tilsett i nær sagt all slags mat.

Helsegevinsten av å ete slike opprika produkt er likevel svært omdiskutert. Forskarar har rekna ut at ein må ete minst 25 pakkar med omega-3-opprika jogurt for å erstatte ein laksefilet på 125 gram. Vel og bra det, for dei som er glade i jogurt, men då har ein på same tid fått i seg nærare ei halvt kilo sukker. Dette seier reklamen ingenting om.

Det blir difor viktigare enn nokosinne å formidle til forbrukarane at verken kapslar, smør eller jogurt kan erstatte eit godt, sunt fiskemåltid! Fisk er ikkje berre den beste kjelda til omega-3, det er mykje meir enn det. Fisk inneheld vitamin og mineral og er ei viktig kjelde til protein.

Vekstalternativ for sjømat innan serverings- og daglegvarehandelen.

Vi kan auke verdiskapinga i fiskeri- og havbruksnæringa både gjennom berekraftig vekst i havbrukssektoren og ved å auke meirverdien av dei råvarene som blir tekne opp av havet. Regjeringa la i august i fjor fram ferskfiskstrategien sin, og formålet med strategien er at vi skal bli flinkare til å utnytte det ferske råstoffet vårt og nærleiken vår til marknadene. I strategien er det lagt særleg vekt på å fremme høg kvalitet på råvarene og produkta vi tilbyr i marknadene.

I løpet av det siste året er ei rekkje tiltak sette i verk, og eg skal nemne nokre av dei:

- 1. oktober gjekk startskotet for Mattilsynets ferskfiskkampanje. Alle fiskemottak og fabrikk- og frysefartøy i landet skal inspiserast, i tillegg til 20 % av den andre fiskeflåten. Mattilsynet samarbeidde tett med næringsaktørane i utforminga av kampanjen. Eg trur at ferskfiskkampanjen vil auke næringa sin kunnskap og medvit om kvalitet, hygiene og handtering av råstoff. I utforminga av ferskfiskkampanjen er det også lagt vekt på eit utvida samarbeid mellom Mattilsynet, Fiskeridirektoratet og salslaga, eit samarbeid som er heilt nødvendig for å sikre effektiv utnytting av den samla kompetansen i forvaltninga.  Eg håpar at ferskfiskkampanjen vil hjelpe til å oppnå målet i ferskfiskstrategien om at all  fersk fisk som blir landa skal vere av ein slik kvalitet at landsida fritt kan velje produksjonsmåte og bearbeiding.

- Eit anna tiltak i ferskfiskstrategien var å etablere eit kvalitetsforum som består av heile 14 representantar frå fiskarane, fiskeindustrien, handelsleddet og myndigheitene. Forumet hadde sitt første møte i haust og er i gang med å kartleggje kva tiltak som kan setjast i verk for å sikre optimal kvalitet på norske råvarer. Eg har store forventningar til arbeidet i forumet, og håpar at  forumet klarer å setje søkjelyset på flaskehalsar og tiltak som kan føre til betre kvalitet.

- I tillegg vil eg nemne at Fiskeri- og kystdepartementet, i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, vil innføre nye merkekrav for fersk fisk som blir omsett til forbrukarar. Dei nye krava vil gi fiskekjøparen informasjon om fangstdato for villfanga fisk eller slaktedato for oppdrettsfisk. Det kjem i tillegg til dagens merking med bruksfristdato. Vi er klar over at ordninga på kort sikt vil føre til nokre praktiske utfordringar, både for næring og for forbrukar. Ordninga vil difor ikkje tre i kraft før 1. januar 2010. Som gammal fiskar veit eg at fisk som er bearbeida og lagra rett kan halde seg fersk og god i mange dagar etter fangst eller slakting. Enkelte forbrukarar kan likevel bli nøydde til å endre oppfatninga om kva som er ein fersk fisk. Dette krev at næringa i tida fram til krava blir innførde gjer ein innsats for å spreie informasjon om dette til forbrukarar og til dei som arbeider i fiskediskane.

- På næringssida blir det også gjort mykje viktig arbeid. Eg er særleg glad for det arbeidet som blir utført av næringsaktørane med Eksportutvalet for fisk i spissen med utvikling av kvalitetsmerkordningar for ei rekkje produkt. Eg trur at dette på lengre sikt vil vere med å heve kvaliteten på norske sjømatprodukt samtidig som det gir forbrukarane ei forsikring om at vara held ein viss kvalitet.

- På produktsida skjer det òg mykje positivt. Det er gledeleg å sjå at ein stadig finn nye fiskeprodukt i butikkane. Fleire norske produsentar har utmerkt seg i arbeidet med auka vidareforedling og nyskapande produktutvikling. I ein travel kvardag er forbrukarane opptekne av å finne lett tilgjengelege produkt som er enkle å lage til. Attraktiv design og forslag til tillaging på pakken har vist seg å gi auka sal på heimemarknaden. All honnør til bedriftene som leier an i denne trenden.

- Eg vil også trekkje fram det norske gastronomiske miljøet, som hjelper til med å setje norsk fisk på lista over dei mest eksklusive råvarene i verda. I juli i år vart den prestisjetunge kokkekonkurransen Bocuse d'Or arrangert i Stavanger. 20 av Europas dyktigaste kokkar konkurrerte med kvarandre og hadde blant annan norsk laks som råvare. I januar 2009 skal konkurransen haldast i Lyon i Frankrike. Også denne gongen står den ferske norske torsken, reker og kamskjel på menyen.

Temaet for årets sjømatkonferanse - berekraft, miljø og helse og korleis vinne kampen om forbrukaren - er i aller høgste grad aktuelt, også for myndigheitene. Marknaden stiller stadig nye krav som gjer at både myndigheiter og næring må tilpasse seg raskt. Eg er overtydd om at den norske næringa har det aller beste utgangspunktet for å møte desse nye utfordringane på ein vellukka måte dersom vi arbeider saman. Med dette som utgangspunkt ser eg fram til ein konstruktiv dag her i Bergen. Eg erklærer hermed Sjømatkonferansen 2008 for opna!