Historisk arkiv

Ressursar og regulering – kva har vi oppnådd og tankar om framtida

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Innleiinga til statssekretær Vidar Ulriksen til årsmøtet i Nordland Fylkes Fiskarlag i Bodø 24. september 2009

Dirigent, styreleiar, møtedeltakarar og gjester.

Takk for invitasjonen. Det er hyggjeleg å kome hit med ein valsiger i ryggen. Det er ei tislutning til ei styringsdyktig regjering, framleis stø kurs og økonomisk fart. I fiskeripolitikken har vi levert på alle punkta i Soria Moria-erklæringa. Vi har gjort det vi sa vi skulle gjere.

Eg skal innleie i saka om ressursar og regulering. Eg skal sjå litt tilbake på kva vi har oppnådd dei første fire åra, og sjå litt mot framtida for norsk fiskerinæring. Men nokon fiskeripolitisk tiltredingserklæring er dette ikkje.

Sjølv om vi no er inne i ei finanskrise som på kort sikt gjev oss nokre utfordringar, er det grunn til å seie at vi har lukkast med fiskeripolitikken vår.
• Vi har berekraftige bestandar.
• Vi har lønnsame reiarlag og bedrifter.
• Og vi har busetjing langs kysten i kreative og levande kystsamfunn.

Då kan det vere grunn til å stoppe opp litt og tenkje: Korleis fekk vi dette til? Kva må vi gjere for å sørgje for at vi i framtida også har fisk i havet, fiskarar som tener pengar og busetjing langs kysten?

Berekraftig forvaltning
Fiskeressursane tilhøyrer fellesskapet, og dei skal forvaltast slik at dei kjem fellesskapet til gode. Fisk er ein fornybar ressurs, og dette stiller krav til oss som skal forvalte han på vegner av fellesskapet. Myndigheitene har eit ansvar for å forvalte bestandane berekraftig, slik at dei kan gje grunnlag for verdiskaping på sjø og på land – og for busetjing langs kysten.

Difor er vårt fremste prinsipp at bestandane må forvaltast berekraftig og ansvarleg. Sjølv om stort fiskepress kan gje kortsiktige gevinstar, leier det ofte til at bestandane etter kvart kollapsar. Sildefisket på slutten av 60-talet er døme på kor alvorleg slike kollapsar kan vere og kva følgjer det får. Det tok heile 30 år å byggje opp igjen sildebestanden.

Den fremste oppgåva vår er difor å sikre at dei fornybare ressursane gjev eit stabilt og høgt utbytte, ikkje berre dei neste 5 eller 15 åra, men også om 50 år. Det er berre slik fiskeressursane kan gje grunnlag for livskraftige lokalsamfunn.

Og for fiskarane er dette ein garanti for at dei investeringane de gjer i fartøy, utstyr, kunnskap og kompetanse skal føre til ei forventa og stabil avkastning i framtida. At det finst fisk i havet til neste år også, inneber at det er arbeid for fiskarane og dei som arbeider i landindustrien til neste år også.

Gjennom den nye havressurslova er prinsippet om berekraftig forvaltning sett i system på ein heilt ny måte. Lova pålegg fiskerimyndigheitene eit serleg ansvar for kontinuerleg å vurdere kva tiltak som er nødvendig for å sikre ei berekraftig forvaltning. Dette gjeld alle bestandar vi fiskar på, ikkje berre dei kommersielt viktigaste. Hausting av dei ulike bestandane skal skje innanfor berekraftige rammer. Dette vil gje oss utfordringar med bestandar som  i dag er lite forska på og som ikkje er kvoteregulerte.

Som oppsummering kan vi seie at vi har tre grunnleggjande pilarar i fiskeriforvaltninga.
• Forvaltninga skal vere basert på faglege råd.
• Ressursane skal forvaltast berekraftig.
• Og vi skal setje i verk tiltak for bestandar der situasjonen ikkje er så god som ønskjeleg.

Berekraftig forvaltning – ressurskontroll
Ulovleg, urapporter og uregulert fiske og overfiske er ei utfordring for ei berekraftig forvaltning. Vi må ta omsyn til alt uttak frå fiskebestandane, ikkje berre det som vert fiska lovleg.

Difor har regjeringa hatt kampen mot ulovleg fiske som ei av sine fremste saker. Eg er stolt av det vi har fått til. Vi tok skikkeleg tak i denne saka allereie då vi tiltredde i 2005og har vore kontinuerleg opptekne av dette i 4 år. Det har gjeve målbare resultat.

Klårast ser vi dette for torsk. Berekningar viser at det ulovlege fisket i Barentshavet er redusert med 85 000 tonn, eller 84 prosent frå 2005 til 2008. Dette har ein dobbel effekt. For det første gjev det auka kvotar til dei som fiskar lovleg. For det andre slepp den lovlege fanga fisken å konkurrere mot ulovleg fanga fisk i marknaden.

Gjennombrotet kom med avtalen om hamnestatskontroll i NEAFC som tredde i kraft 1, mai 2007, og som er eit effektivt tiltak for å hindre landingar av ulovleg fanga fisk i Europa. Difor har vi fortsett arbeidet med hamnestatskontroll, og vi har no på svært kort tid fått gjennomslag i FN for ein global avtale om hamnestatskontroll. Avtalen skal vedtakast av FAOs generalkonferanse i november.

I tillegg har vi styrka kystvakta og Fiskeridirektoratet sitt budsjett med 45 millionar kroner slik at dei kunne auka innsatsen i kontrollarbeidet, også nasjonalt.

Finanskrisa
Det har no gått eit år sidan finanskrisa slo innover oss. Norge som nasjon har ikkje blitt så hardt ramma. Vi har likevel sett  at ròtne bustadlån i USA har kunne ført til mottaksproblem for fiskarar i Nord-Norge. Det har også ført til en større aksept også internasjonalt for at vi treng aktiv politisk styring og satsing på fellesskapet for å kome ut av krisa.

Størsteparten av fangsten frå norske fiskarar vert eksportert. Det betyr at tilhøva i Europa påverkar inntektene for fiskarane i Norge. Mange i fiskerinæringa, både på sjø og på land har kjent finanskrisa på kroppen det siste året. Mange fiskarar har hatt ein betydeleg inntektsreduksjon som følgje av at prisane har falle rundt 30 prosent sidan i fjor. Det er sjølvsagt tungt. Men i tunge stunder er det også viktig å hugse på at det var gode tider og gode prisar før finanskrisa sette inn. Eg er viss på at dei gode tidene vil kome attende, det er berre eit spørsmål om tid.

Dessverre er det slik at uansett kva slags tiltak regjeringa legg på bordet, så kan ikkje vi oppheve finanskrisa. Men vi kan prøve å dempe verknadene av ho.  Det viktigaste er å få omsetninga til å gå så normalt som muleg. Regjeringa har gjennom generelle tiltak for heile næringslivet, og særlege tiltak for fiskerinæringa, lagt vekt på å halde omsetninga i gang i alle ledd.

Vi etablerte ei eiga garantiordning for førstehandsomsetninga gjennom salslaga. Og vi auka føringstilskotet og innførte ei ordning for mottaksstasjonar. Ingen må vere i tvil om at dette medverka til at fleire fiskarar fekk levere torsk under årets vinterfiske enn det som elles ville ha vore tilfelle.

Regjeringa har også brukt statlege midlar i eit spleiselag med næringa til ein ekstraordinær innsats for marknadsføring av torsk gjennom Eksportutvalet for fisk. Mykje tyder på at desse tiltaka har hatt ein positiv verknad på etterspurnaden.

Regjeringa har i tillegg auka rammene til GIEK og mangedobla låne- og garantirammene til Innovasjon Norge.

Vi har samarbeidd svært tett med næringsorganisasjonane i utforminga av tiltaka for å avhjelpe finanskrisa. Eg vil understreke at dette har vore svært verdifullt for oss, og eg håper vi kan fortsetje dette gode samarbeidet framover.

Økonomien er framleis ikkje friskmeldt. Men signala jamt over er at vi er på veg mot betre tider. Verdsmarknaden er i betring, og portugisarane har kjøpt meir fisk til no i år enn til same tid i fjor, men til lågare pris..

Likevel har vi nok framleis tøffe tider framfor oss. Den største utfordringa vil vere å sikre at fiskeindustrien har tilstrekkeleg likviditet til å sikre nødvendig mottakskapasitet for ei normal gjennomføring av torskefisket til neste år.
 
Vi har difor annonsert at regjeringa vil fremme eit forslag for Stortinget om ei ny låneordning. Ordninga vil gi Innovasjon Norge mulegheit til å tilby inntil 250 millionar kroner i likviditetslån til fiskeindustrien. Vi er svært opptekne av at denne ordninga skal vere målretta og effektiv. Innovasjon Norge arbeider no for fullt med å leggje på plass dei siste detaljane slik at låna kan kome til utbetaling kort tid etter at Stortinget har vedteke låneordninga.

4 nye år
Kva tenkjer vi så om framtida? Eg skal ikkje her kome med ei fiskeripolitisk tiltredingserklæring, men eg vil dele nokre tankar om vegen vidare.

Vi har oppnådd mykje på fire år, og vi har tatt grep vi meiner er viktige. Dei neste fire åra vil bety meir av det same, ein stø kurs. Fiskerinæringa er avhengig av stabile og føreseielege rammer. Måla med fiskeripolitikken vil difor framleis vere at vi skal ha:

• berekraftige bestandar
• ei fiskerinæring som er lønnsam og gjev langsiktig verdiskaping
• ei rettferdig fordeling av ressursane som gjev grunnlag for ein variert flåte
• ei næring som er ein del av ei heilskapleg ressursforvaltning og ein heilskapleg miljøpolitikk

Eg har alt vore inne på kor viktig det er med berekraftig forvaltning. Kysttorsken er eit område der dette prinsippet vert utfordra.

Bestanden av kysttorsk nord for 62°N har minka nærast samanhengande sidan 1994. Både totalbestanden og gytebestanden er i dag på eit historisk lågt nivå. I 2004 vart det innført tiltak for å avgrense fiske av kysttorsk. Tiltaka har vorte stadig utvida og justerte.

ICES har i fleire år etterlyst ein plan for å byggje opp att kysttorsken og vi har bestemt at det skal etablerast ein slik plan. Dei tiltaka vi hittil har hatt for å verne kysttorsken, har ikkje vore tilstrekkelege til å byggje opp att bestanden så raskt som ønskjeleg. Difor vil vi no gjere det som er nødvendig for å få til ein oppbyggingsplan som ICES kan slutte seg til.

Målet med planen er å byggje opp at kysttorsken nord for 62° N til fullt reproduksjonspotensial, og oppnå høg sikkerheit mot nedfisking av lokale bestandskomponentar.

Ut frå det vi veit om kysttorsken i dag, er det ulike bestandar eller populasjonar av kysttorsk langs kysten. Dei har ulike vandringsmønster, gyteområde og vekst. I forvaltninga av kysttorsken vil det difor vere nærast uråd å rekne kysttorsk nord for Stadt som ein bestand. Vi treng difor betydeleg meir kunnskap om dei ulike bestandane, og vi har bede Havforskingsinstituttet om å ta tak i dette.

Kunnskapen om dei ulike bestandane av kysttorsk skal på sikt gje grunnlag for å fastsetje reguleringar som er betre tilpassa situasjonen i den enkelte fjord enn det dei gjeldande fjordlinjene er.

Til no har vi gjennom reguleringane forsøkt å vri torskefisket over mot ei reinare hausting av nordaustarktisk torsk i staden for å etablere eit eige forvaltningsregime for kysttorsk. Dette har vore svært generelle tiltak. Dei tek ikkje høgde for at bestandssituasjonen for kysttorsken er svært ulik langs kysten. I nokre område er bestanden så svak at det trengst særlege tiltak for å byggje opp at bestanden.

I ein oppbyggingsplan for kysttorsk må vi mellom anna ta omsyn til
• behovet for eit godt kunnskapsgrunnlag
• vurdering av den samla påverknaden på bestanden
• mulegheita for å regulere vårfisket slik at det vert endå meir målretta mot område med skrei
• periodevis stenging av gyteområde for kysttorsk
• auka maskevidde og minstemål for alt kystfiske etter torsk
• reiskapsreglar og reglar for kvar dei ulike fartøya kan fiske og
• innstrammingar i reglane for fritidsfiske og turistfiske.

I førre veke vart eit utkast til oppbyggingsplan for kysttorsk presentert for  kysttorskgruppa. Neste steg er at forslaga frå kysttorskgruppa vil bli sendt på høyring saman med dei tiltaka som kan inngå i oppbyggingsplanen og vere ein del av grunnlaget for utforminga av reguleringane for 2010.

Eg vil understreke at vi ønskjer å vedta ein plan for å byggje opp kysttorsken i samband med reguleringane for 2010 og sende planen til ICES for vurdering så snart som muleg. Målet er at ICES kan basere si rådgjeving på planen frå 2011. Slik kan vi leggje til rette for ei berekraftig forvaltning av kysttorsken. 

Det har vore ein debatt rundt kysttorsk og miljømerking. Miljømerking er noko næringa sjølve må ta stilling til. Det gjeld også spørsmålet om det skal søkjast miljømerking for all torsk eller berre torsk utanfor 12 nautiske mil. Myndigheitene sin jobb er å sørgje for at forvaltninga er berekraftig, slik at dei som ønskjer det, kan nytte miljømerke. Eg vil likevel seie at det kan vere skadelig for heile næringa viss vi endar opp med eit geografisk eller reiskapsmessig skilje i miljømerkinga.

Kystøkologi
Men det er meir enn fiskepress som påverkar kystbestandane. Det er jo som regel slik at alt heng saman med alt. Kva for konsekvensar har det for økosystemet, og for kysttorsken, at tareskogen vert redusert og somme stader er heilt vekke? Eller at temperaturen stig?

For å skaffe oss meir kunnskap om kystøkosystema har vi sett i gang forsking i Porsangerfjorden og Hardangerfjorden under leiing av Havforskingsinstituttet for å forstå samanhengane mellom delane i økosystemet betre. Dette vil hjelpe oss til å forvalte ressursane i kystområda betre. 

Klimaendringar vil også påverke kystøkologien. Naturen er kompleks og konsekvensane av temperaturendringar er vanskeleg å føresjå. Og havforsuring gjer ikkje forholda mindre uoversiktleg.

Både myndigheitene og fiskerinæringa må kunne handtere slike endringar. Vi må ha robuste ansvarlege fiskeri som taklar endra økologiske vilkår. Og vi må ha ei forvaltning som tek omsyn til endringane i økosystemet slik at vi sikrar ei ansvarleg berekraftig forvaltning.

Grunnlaget for lønnsame reiarlag
Men sjølv om vi forvaltar fisken berekraftig og sikrar eit høgt langsiktig utbytte frå ressursane, veks ikkje ressursane inn i himmelen. Fisk er ein naturkapital med biologiske avgrensingar, og alle dei største bestandane i Norge er i dag på det næraste fullt utnytta.

For å halde tritt med den velstandsauken som skjer i andre sektorar, må fiskerinæringa sørgje for at einingane vert meir effektive. For at fiskerinæringa og dei fiskeriavhengige lokalsamfunna skal vere levedyktig i framtida, må fisket gje ei god økonomisk avkastning for fiskarane. Det betyr at kvart enkelt fartøy må fiske meir for å halde tritt med den allmenne velstandsauken.

Det må altså verte færre fartøy. Samstundes vil vi ha aktivitet og sysselsetjing langs heile kysten, og ikkje minst ein stor og livskraftig kystflåte. Strukturpolitikken vart fastlagt av Stortinget gjennom behandlinga av strukturmeldinga i 2007 og inneber nettopp ein god balanse mellom samfunnsøkonomiske og bedriftsøkonomiske omsyn. Vi planlegg difor ingen nye store grep.

Men vi gjer likevel justeringar etter forslag frå næringa, som til dømes innføringa av ei strukturordning for nordsjøtrålarane saman med den pelagiske trålgruppa og endringane i strukturordninga for seitrålarane. Det viser at vi lyttar til næringa når det er behov for endringar.

Vi har evaluert kondemneringsordninga for dei aller minste fartøya. Ordninga har gitt auka lønnsemd, men har ikkje verka like kraftig som strukturkvoteordninga. Kva som vil skje med denne gruppa framover vil vi vurdere etter at evalueringa av strukturkvoteordninga for fartøy mellom 11 og 15 meter er gjennomført i haust.

Kva som kjem ut av denne evalueringa skal eg ikkje føregripe her. Men dersom den minste delen av kystflåten ikkje skal sakke akterut i den generelle effektivitets- og velstandsutviklinga, er det behov for tiltak som kan sikre desse ei god økonomisk avkastning også i framtida.

Eigarane av dei minste kystfartøya vert stadig eldre, og vi står framfor eit lite generasjonsskifte. Det er i dag fleire som vil selje seg ut enn unge som vil kjøpe seg inn i den minste gruppa. Det seier noko om at denne gruppa kanskje ikkje er attraktiv nok. Vi må ta omsyn til dei som skal halde fram i næringa, ved å leggje til rette for auka lønnsemd. For ein ting er sikkert, dersom dei minste fartøya ikkje tener pengar, vil dei forsvinne. Og det er ikkje kystsamfunna tente med.

Vidare satsing på fersk fisk
For to år sidan lanserte vi ferskfiskstrategien for å leggje til rette for at våre naturlege fortrinn, som tilgang på fersk råstoff og nærheit til marknadane, vert utnytta betre.

Vi vil  fortsetje å satse på fersk fisk. Ferskfiskstrategien skal følgjast opp gjennom å forlengje og vidareutvikle tiltak som kan gje optimal kvalitet på fisken som vert landa, kontinuitet i leveransane av fersk fisk til marknadene og auka samarbeid mellom villfisknæringa og oppdrettsnæringa.

Eitt viktig område er levandelagring av fisk. Mange forbrukarar ønskjer ferske sjømatprodukt av best muleg kvalitet. Gjennom levandelagring kan vi sikre jamnare tilgang på slike produkt. Men levandelagring i større omfang er ei relativt ny næring, og det er behov for meir kunnskap. Difor vil vi etablere eit kompetansesenter for levandelagring. Senteret blir lagt til Nofima i Tromsø.

I ferskfiskstrategien vart det også oppretta ei prøveordning over tre år med 20 prosent kvotebonus til fartøy som driv med levandefangst. Denne ordninga vert vidareført i 2010.

Levandelagring er også eit viktig tiltak for  meir stabil produksjon i industrien. Det er viktig for å skape attraktive arbeidsplassar for norske ungdommar. For utan arbeidsplassar er det vanskeleg å skape levande kystsamfunn.  

Eit av satsingsområda i ferskfiskstrategien var kvalitet. Mattilsynet har gjennomført ein nasjonal tilsynskampanje og styrka samarbeidet med Fiskeridirektoratet. Dette samarbeidet vil no bli formalisert slik at dei offentlege ressursane vert brukte på ein mest muleg effektiv måte.

Mattilsynet har også sett i gang eit arbeid med revisjon av kvalitetsforskrifta for fisk og fiskevarer. Målet er å forskriftsfeste dei faktorane som er mest avgjerande for god kvalitet.  Dette er arbeid som næringa vil bli trekt inn i, og her er vi avhengige av gode innspel frå næringa.

Avslutning
Eg vil avslutte som eg begynte. Vi har gjort mykje riktig dei fire siste åra. Vi har fisk i havet, ein flåte som tener pengar og busetjing langs kysten. Det har vi lagt til rette for gjennom vår fiskeripolitikk, og det vil vi fortsetje med i de neste åra.

Og at fiskeripolitikken er lagt merke til fekk vi eit godt døme på i førre veke då ei britisk fiskeriavis omtala statsråden sin innsats mot utkast slik: Sjølv om Norge ikkje er med i EU har Helga Pedersen effektivt gått i front mot den kontroversielle utkastpolitikken i EU på ein slik måte at betydelege endringar no er på trappene.

Vi arbeider aktivt internasjonalt for å gjere våre norske standardar og prinsipp globale. Vi har fått i gang endringar i EU. Og etter eit norsk initiativ skal FAO no lage ein global handlingsplan mot utkast av fisk. 

Vi får tilslutning til den norske fiskeripolitikken ute i verda. Det gjev betre ressursforvaltning og sunne og berekraftige fiskeri. Gjennom ansvarleg fiskeriforvaltning i Norge greier vi å påverke andre statar i retning av meir berekraftig forvaltning.

Takk for meg!