Historisk arkiv

Fleire barn i barnehage - færre plassar enn forventa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Om lag 6 000 nye barn har fått plass i barnehagane i perioden januar til september 2007. Dermed har stadig fleire barn eit barnehagetilbod. Kommunane reknar med at ytterlegare om lag 7 000 nye plassar vil bli tekne i bruk resten av året.

IllustrasjonsbildeOm lag 6 000 nye barn har fått plass i barnehagane i perioden januar til september 2007. Dermed har stadig fleire barn eit barnehagetilbod. Kommunane reknar med at ytterlegare om lag 7 000 nye plassar vil bli tekne i bruk resten av året.   

    

Totalt gjekk 240 991 barn i ein ordinær barnehage eller i ein familiebarnehage 20. september. Det gir ei barnehagedekning på 82,9 pst. Hovudtyngda av barnehageutbygginga har skjedd i kommunal regi. Om lag 59 prosent av dei nye barna har fått plass i ein kommunal barnehage, medan 41 prosent har fått plass i ein ikkje-kommunal barnehage.  

Rapportering frå kommunane indikerer at utbygginga i 2007 kan bli noko lågare enn tidlegare anslått. Forventa auke i talet på nye barn i barnehage i 2007 er om lag 13 000. I budsjettet for 2007 vart det lagt til grunn 16 200 nye barn i barnehage. Sidan utbyggingstakta i kommunane no viser seg å vere lågare enn det regjeringa har lagt til rette for, vil Kunnskapsdepartementet foreslå å redusere løyvingane til drift av nye barnehageplassar og etablering av plassar i mellombelse lokale i 2007, jf. St.prp. nr. 7 (2007-2008). Departementet vil komme attende med ei ny vurdering av anslag og løyvingsbehov for utbygging av barnehageplassar i 2008 i revidert nasjonalbudsjett for 2008.   

Kunnskapsdepartementet har i dag ikkje fullgod oversikt over kor mykje som står att for å nå det målet Regjeringa har sett om at alle som har søkt plass før fristen til søknad til hovudopptaket, skal få tilbod om plass. Departementet vil komme attende til ei grundig rapportering mot slutten av året.