Historisk arkiv

Nye klimaråd til regjeringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Styringsgruppa for Klima21 peikar på at det trengst ei styrking og betre koordinering av klimaforskinga. I ein rapport som vart lagt fram måndag, tilrår gruppa at det blir oppretta eigne senter for klimaforsking.

Styringsgruppa for Klima21 peikar på at det trengst ei styrking og betre koordinering av klimaforskinga. I ein rapport som vart lagt fram måndag, tilrår gruppa at det blir oppretta eigne senter for klimaforsking.  

Lenke til rapporten på Forskningsrådets nettsider

Lenke til video om saken

Klima 21 er eit strategisk forum for klimaforsking som er oppretta av regjeringa. Rapporten vart levert til forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland etter at dei viktigaste tilrådingane var presenterte. 

– Klima21 er ei direkte oppfølging av klimaforliket på Stortinget, som strekar under behovet for å styrke klimaforskinga.  Rapporten er eit viktig innspel som vil få betyding når vi skal prioritere vidare forskingsinnsats. Eg vil studere tilrådingane nøye og komme tilbake til korleis regjeringa skal følgje opp rapporten, seier Tora Aasland. 

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim strekar under at det trengst meir forsking om korleis vi kan redusere klimagassutsleppa. 

–Det er bra at rapporten legg vekt på dette. Klimaforsking er også viktig for å gjennomføre klimatilpassing. Forslaga om å trappe opp forsking og teknologiutvikling må sjåast i samanheng med rapporten til Klimakur 2020 seinare denne månaden - om korleis vi kan gjennomføre utsleppsreduksjonar i Noreg.  Eg er positiv til meir dialog mellom forskarar og politikarar, seier Solheim. 

Klima 21 er eit strategisk forum for klimaforsking som er oppretta av regjeringa. Arbeidsgruppa skal utvikle ein heilskapleg strategi for norsk klimaforsking og bidra til at forskingsresultat blir tekne i bruk. Styringsgruppa for Klima 21 er breitt samansett med representantar frå både privat og offentleg sektor, miljøorganisasjonar og forskingsmiljø.

Les pressemelding på Forskningsrådets nettsider