Historisk arkiv

Om norskeksamen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Innlegg av kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell i Dagbladet 21.05.08 om norskeksamen (svar på innlegg fra Roger Lockertsen i Dagbladet 15.05.08)

Stortinget handsama i 2005 eit framlegg frå Utdannings- og forskingsdepartementet om at eksamen i norsk for grunnskulen skulle reduserast frå to dagar til ein dag, og at dei elevane som vart trekte ut til eksamen i norsk berre skulle prøvast i hovudmålet sitt. Stortinget sa seg samd i framlegget om ein eksamensdag, men la til at elevane skulle prøvast i både hovudmålet og sidemålet på denne eine dagen.

Departementet har motteke fleire fråsegner om den nye eksamensforma. Eg har difor bedt Utdanningsdirektoratet om å evaluere den nye ordninga allereie etter eksamen i vår. Når eg seinare skal vurdere om det er nødvendig å gjere endringar i
eksamensforma, vil resultat frå denne evalueringa veie tungt.

Dette er og mitt svar til Roger Lockertsen som skriv i Dagbladet 15. mai om den nye eksamensordninga. Eg vil leggje til at ny læreplan og den nye eksamensforma i norsk vart gjort kjend for skulane allereie i september 2005. Etter den nye ordninga vil elevane på ungdomstrinnet få standpunktkarakterar i både hovudmålet og i sidemålet sitt. Det er berre til eksamen at elevane skal ha ein samla karakter som dekker begge målformene.