Historisk arkiv

Nynorskpris for journalistar 2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjedepartementet har oppretta ein nynorskpris for journalistar på 50.000 kroner og eit norsk kunstverk. 1. mai er fristen for å kome med framlegg til prisvinnar.

Kultur- og kyrkjedepartementet har oppretta ein nynorskpris for journalistar på 50.000 kroner og eit norsk kunstverk. Prisen vert delt ut for tredje gong under Dei Nynorske Festspela i Ørsta 26. juni 2008.

Nynorskprisen skal fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som er eit føredøme for andre. Prisen går til ein journalist som har utmerka seg med bruk av levande og god nynorsk i media, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område.

1. mai er fristen for å kome med framlegg til prisvinnar. Alle framlegg om kandidatar må ha ei skriftleg grunngjeving. Vinnaren vert peika ut av ein ubunden jury, som på fritt grunnlag vel kven som får prisen.

Spørsmål kan stillast til leiar for juryen, Gry Molvær, telefon 73 88 12 00, eller skrivar Magni Øvrebotten, telefon 57 72 42 42. Merk forslaga "Nynorskprisen 08", og send dei til:

Nynorsk mediesenter, boks 100, 6801 Førde, eller på e-post: nynorskmediesenter@nrk.no