Historisk arkiv

Kven fortener Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i år?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Det er fjerde året Kultur- og kyrkjedepartementet skal dele ut sin nynorskpris for journalistar, som er på 50.000 kroner og eit norsk kunstverk.

Det er fjerde året Kultur- og kyrkjedepartementet skal dele ut sin nynorskpris for journalistar, som er på 50.000 kroner og eit norsk kunstverk.

Fristen for å kome med framlegg til prisvinnar er 1. mai. Alle framlegg må ha ei skriftleg grunngjeving. Vinnaren vert peika ut av ein ubunden jury, som på fritt grunnlag vel kven som får prisen.

Nynorskprisen skal fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som er eit føredøme for andre. Prisen går til ein journalist som har utmerka seg med bruk av levande og god nynorsk i media, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område.

Prisen vert delt ut under Dei Nynorske Festspela i Ørsta 25. juni 2009.

Spørsmål kan stillast til leiar for juryen, Gry Molvær, telefon 73 88 12 00, eller skrivar Magni Øvrebotten, telefon 57 72 42 30.

Merk forslaga ”Nynorskprisen 09”, og send dei til: Nynorsk mediesenter, boks 100, 6801 Førde, eller på e-post: nynorskmediesenter@nrk.no