Historisk arkiv

Kulturbudsjettet 2009:

Meir pengar til teater og museum i Akershus

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Regjeringa foreslår å setje av til saman 5 millionar kroner til arbeidet med museumskonsolideringa i Akershus neste år.

Regjeringa foreslår å setje av til saman 5 millionar kroner til arbeidet med museumskonsolideringa i Akershus neste år.

Ein tek sikte på ei samanslåing av Fetsund Lenser og Akershus fylkesmuseum frå 1. januar 2009. Det har også vore tingingar med Follo Museum og Eidsvoll 1814. Regjeringa foreslår å løyve 5 millionar kroner til ei eining der alle desse fire musea inngår. Av denne summen vil 2 millionar kroner gå til å styrkje Eidsvoll 1814 i samband med førebuing av grunnlovsjubileet i 2014.

Tilskotet til Akershus Teater er auka med 1 million kroner. Auken skal brukast til utvikling av scenekunsten i fylket. Dissimilis kultur- og kompetansesenter får ein auke i tilskotet på 250 000 kroner, til vel 1,8 millionar kroner, mens Henie Onstad Kunstsenter får ein auke på 700 000 kroner, til vel 8,7 millionar kroner.