Historisk arkiv

Kulturbudsjettet 2009:

Musikk og teatersatsing i Nordland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2009 at Bodø Sinfonietta får auka tilskotet med 1,5 millionar kroner til 2,5 millionar kroner.

Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2009 at Bodø Sinfonietta får auka tilskotet med 1,5 millionar kroner til 2,5 millionar kroner.

- Auken til Bodø Sinfonietta er ein del av ei satsing for å etablere eit nordnorsk symfoniorkester – Arctic Orchestra. Det er i tillegg sett av 6,5 millionar kroner til dette i 2009. Det nye orkesteret skal byggje på dei profesjonelle musikarmiljøa i m.a. Tromsø Symfoniorkester, Landsdelsmusikerordningen i Nord-Norge, Bodø Sinfonietta og Forsvarets Musikkorps Nord-Norge, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Regjeringa foreslår eit investeringstilskot til Hamsunsenteret på 16 millionar kroner i statsbudsjettet for 2009. Bygget vil stå ferdig neste år.

Av andre vesentlege satsingar kan nemnast at Nordnorsk Kunstnersenter som får auka tilskotet med vel 1,1 millionar kroner til 4,7 millionar kroner, og at Musikkteatret i Bodø får ein auke på 0,5 millionar kroner til vel 1,7 millionar kroner. Salten Museum får ein solid auke, om lag 1,9 millionar kroner, til totalt 10,8 millionar. Samorganisasjonen for kunstformidling i Nord-Norge – SKINN får auka tilskotet med 537 000 kroner til om lag 1,4 millionar kroner. Stamsund Internasjonale Teaterfestival vil få eit tilskot på 500 000 kroner i 2009.