Historisk arkiv

Kulturbudsjettet 2009:

Sterk kultursatsing i Rogaland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Regjeringa foreslår i statsbudsjett for 2009 å auke løyvinga til Stavanger Symfoniorkester med 7,3 millionar til 53,2 millionar kroner. I tillegg legg regjeringa inn eit investeringstilskot på 20 millionar kroner til bygging av eit nytt konserthus i Stavanger. Ramma for det statlege tilskotet er 250 millionar.

Regjeringa foreslår i statsbudsjett for 2009 å auke løyvinga til Stavanger Symfoniorkester med 7,3 millionar til 53,2 millionar kroner. I tillegg legg regjeringa inn eit investeringstilskot på 20 millionar kroner til bygging av eit nytt konserthus i Stavanger. Ramma for det statlege tilskotet er 250 millionar.

- Kulturbudsjettet for 2009 inneheld ei brei kultursatsing i Rogaland. Orkester, teater og museum er område i Rogaland som vil oppleve eit formidabelt økonomisk lyft neste år, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske. 

Rogaland Teater får ein auke i tilskotet på 4 millionar kroner og dermed 42,9 millionar kroner i alt, mens Haugesund teater får 1 million meir, til saman 7,1 millionar kroner.

Det er òg lagt inn midlar til museumssatsing i Rogaland. Regjeringa foreslår å setje av 2 millionar kroner til ei museumskonsolidering der Stavanger Museum og Rogaland kunstmuseum inngår. Ryfylkemuseet får auka tilskotet med 0,53 millionar til 3,4 millionar kroner.

Regjeringa foreslår også å auke tilskotet til Jærmuseet med 0,7 millionar kroner og til Rogaland Kunstmuseum med 0,3 millionar kroner for å frigjere spelemidlar i samband med at Den kulturelle skulesekken skal utvidast til den vidaregåande skulen.  

Også mange mindre kulturtiltak vil få auka støtte i 2009. Kammermusikkfestivalen i Stavanger får auka tilskotet med 0,2 millionar til 1,4 millionar kroner, Kapittelfestivalen aukar med 0,1 millionar til 0,63 millionar kroner, og Tou Scene aukar med 0,1 millionar til 0,64 millionar kroner.

Auken i tilskotet til kulturinstitusjonane i Rogaland for 2009 ser slik ut:

Tilskot
2008

Samla
auke  

Forslag
2009

Nytt konserthus i Stavanger

 

20 000

20 000

Tou Scene

541

100

641

Stavanger Symfoniorkester

45 898

7 301

53 199

Kammermusikkfestivalen i Stavanger

1 200

200

1 400

Haugesund Teater

6 162

1 000

7 162

Rogaland Teater

38 893

4 000

42 893

Kapittelfestivalen i Stavanger

526

100

626

Stavanger m./Rogaland kunstmuseum

10 871

2 479

13 350

Ryfylkemuseet

2 875

527

3 402

Rogaland kunstmuseum - skolesekkmidler

4 558

493

5 051

Jærmuseet - skolesekkmidler

8 802

1 089

9 891

Filmkraft Rogaland senter

1 000

 

 

Filmkraft Rogaland fond

2 000

 

 

Qvisten animation, internasjonalt tegnefilmforum i Stvgr.

 

500

500