Historisk arkiv

Sitat frå jubileumskonferansen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

- I løpet av livet mitt i Sogndal har eg opplevd å få flyplass, høgskule og Vestlandsforsking. Eg hadde hatt eit heilt anna liv dersom desse tinga ikkje fanst. (Liv Signe Navarsete)

- Noreg er det einaste landet i verda som har namnet etter ei sjørute, ikkje etter eit territorium. Vi skulle eigentleg heitt Viken. (Frank Aarebrot)

- Det vart distriktspolitiske drypp, politiske entreprenørar med underfundig arbeid. Søknadologi vart kunsthandverk. (Andreas Hompland) 

- Offentlege overføringar er eit sikkert teikn på høgare sivilisasjon. (Einar Førde, via Andreas Hompland)

- Teoriane for kva som gir vekst stemmer ikkje for Noreg. Vi treng andre forklaringsmodellar for dette landet. (Hallgeir Aalbu)

- Når eg spør folk i Noreg om kvifor landet skal leve, forstår ikkje folk spørsmålet. I Sverige er det utanforskap å bu på landet. (Journalist og forfattar Kristina Mattson)

- KRD har vist seg som eksperimenterande og lærevillig og var først til å plukke ut innovasjon som satsingsområde. (1. amanuensis / forsker Peter Arbo)

- Korleis drive eit departement der innsatsen gjennom alle dei andre departementa tel mest? (Peter Arbo)

- Aldri før har vi stått overfor ein situasjon der vi har permanent mangel på arbeidskraft. (Dyveke Hamza, Manpower)

- Utan arbeidsinnvandring hadde eg ikkje sitte her og smilt. Vi ser at innvandringa er framtida. (Eva Husby, ordførar i Hasvik i Finnmark)

- Det lenge sidan sist eg sat i salen under ein heil konferanse. Dette var lærerikt og interessant. Eg tenkte aldri på at det var noko anna eg heller ville gjort. (Liv Signe Navarsete)

- Det gjalt å utvikle sjølvkjensle og  folkestyre. Motrørslene som arbeidarrørsla og bonderørsla voks fram. Nasjonen skulle knytast saman til ei effektiv eining. Så kom utviklinga med store pressområde og store  byar i takt med auka folkesetnad. (Liv Signe Navarsete)

- Vi har altså no dei beste flyttetala på 50 år. (LSN)

-  Det er god samfunnsøkonomi i å sikra vekst i kompetansearbeidsplassar over heile landet. Det har økonomiprofessorar og folk som var langt fra distriktsforkjemparar slått fast blant anna gjennom Kompetansearbeidsplassutvalet. (LSN)

- Sentrum veit at periferien har kraft til å reise seg, men periferien snakkar meir om å reise seg enn kva dei gjer. (Frank Aarebrot)

-  Noreg var eit kommunikasjonsmessig sentrum i om lag 1000 år, heilt fram til 1960- åra. (Frank Aarebrot)

- Ein ordførar tok med seg halve Tynset til bilkøar i Oslo og delte ut brosjyrar for Ut av trengselen. Til slutt vart dei jaga av politiet for å forstyrre ro og orden. (Andreas Hompland)

- Det er ikkje slik at vi har ei eintydig negativ utvikling, både positiv og negativ utvikling utover heile landet. (Hallgeir Aalbu)

- Vi har så mykje distriktspolitikk fordi verdiskapinga som skjer over det ganske land er viktig for heile Noreg (Hallgeir Aalbu)

-  Folk kan ikkje bu over alt. Vi treng nettverk av små og mellomstore byar. (Peter Arbo)

- Regionalpoltikk handlar mykje om å slå rot. (Dyveke Hamza, Manpower)

- Vi er eit samfunn med mobilitet og vi må bygge politikk ut frå dette. (Roar Tobro, Møreforskning)

- Vi må ha nye investeringar, tilby gratis norskopplæring til alle, også arbeidsinnvandrarar. (Dyveke Hamza)

- For ein iransk ingeniør kan det å kle seg naken opplevast som ein torturmetode og ønskjer ikkje å vere med i ein offentleg svømmehall utan dusjforheng. Innvandrarane må takast med på råd. (Dyveke Hamza)

- Eit ord, ein stein i ei kald elv, ein stein til. Eg lyt ha fleire steinar skal vi koma over. (Olav H Hauge via Liv Signe Navarsete)

 

Tilbake til Regionalnytt 10/2011