Historisk arkiv

Ber om innspel til bygningspolitikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Eg ynskjer at arbeidet med ny stortingsmelding om bygningspolitikken skal vere så ope som muleg. Difor inviterer eg til fire innspelsmøte for å få synspunkt på kva meldinga bør innehalde, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Det er fyrste gongen ei regjering legg fram ei stortingsmelding om bygningspolitikken. Meldinga skal leggjast fram for Stortinget mot slutten av neste år.

Møta blir haldne i Trondheim, Tromsø og Drammen 12., 13. og 19. oktober og i Bergen 2. november. Synspunkt kan også sendast Kommunal- og regionaldepartementet direkte. (lenketest)

- Eg vonar vi får mange synspunkt på korleis staten bør leggje til rette for å byggje for framtidas behov.  Eg reknar med at representantar frå byggjenæringa, organisasjonar og kommunane vil ha meiningar om dette. Også andre som har synspunkt på korleis vi til dømes skal møte miljø- og energiutfordringane i bygg, auke talet på universelt utforma bygg og få til ei smidigare byggjesakshandsaming er sjølvsagt velkomne til å gje innspel, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.