Historisk arkiv

800 000 kr til kultur- og næringssatsing gjennom Norsk rockforbund

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa gir 800 000 kroner til prosjektet ”Identitetsutvikling av norske konsertarrangører”.

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa gir 800 000 kroner til prosjektet ”Identitetsutvikling av norske konsertarrangører”.

- Pilotprosjektet ”Identitetsutvikling av norske konsertarrangører” er eit spennande prosjekt som tek utgangspunkt i å utvikla utvalde festivalar si eigenidentitet til staden og sitt eige produkt. Dette er eit ledd i eit heilskapleg stadutviklingsprosjekt med bruk av kulturbasert næringsutvikling som verkemiddel. Norsk rockforbund sin idé er både innovativ, og byggjer på lokale føresetnader. Difor er eg spent på lærdomen frå dette prosjektet, og håpar at den kan overførast til andre kommunar, seier Kleppa.

Prosjekteigar Norsk rockforbund seier mellom anna i sin søknad: ”Vårt prosjekt vil sette fokus på den muligheten som ligger for festival- og klubbarrangører til å utnytte sitt identitetspotensial, og således være bærekraftige kulturinstitusjoner i sitt lokalsamfunn. Dette handler bl.a. om å utnytte lokaltilhørigheten bedre, om å utnytte samfunnsansvarsposisjonen bedre og å utnytte sjangersærtrekk bedre. Festivaler og klubber gir sitt lokalmiljø en viktig aktivitet som skaper tilhørighet, samhold og gir påfyll, samtidig som det genererer stedsidentitet, turisme og legger til rette for samarbeid mellom kultur og næring.”

- Ved å satsa på omdømmebygging og kulturbasert næringsutvikling, kan dette bidra til å gje identitet og attraktivitet til ein stad. Kultur og opplevingar betyr mykje for folk, uansett kvar i landet ein bur. Eg har store forventningar til dette pilotprosjektet, seier Kleppa.

Pilotprosjektet inngår i ei større nasjonal satsing. Kommunal- og regionaldepartementet har satt kulturbasert stadutvikling på dagsorden som ein naturleg del av ein heilskapleg distrikts- og regionalpolitikk.

Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.