Historisk arkiv

FN sin busetjingsdag – Habitatdagen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Alle har rett på ein god og trygg heim. I Noreg er vi heldige som har moglegheit til å hjelpa dei som treng bustad. Slik er det diverre ikkje i alle land, seier statsråd Magnhild Meltveit Kleppa i samband med FN sin busetjingsdag – Habitatdagen – 5. oktober.

- Alle har rett på ein god og trygg heim. I Noreg er vi heldige som har moglegheit til å hjelpa dei som treng bustad. Slik er det diverre ikkje i alle land, seier statsråd Magnhild Meltveit Kleppa i samband med FN sin busetjingsdag – Habitatdagen – 5. oktober.

Habitatdagen vert markert over heile verda den fyrste måndagen i oktober kvart år. Dagen set fokus på situasjonen til dei mange som ikkje har ein god og trygg stad å bu. I år er temaet ”Planlegging for vår urbane framtid”.

- I Noreg er utfordringane små samanlikna med andre stader i verda, men så lenge ikkje alle har ein bustad, er vi enda ikkje i mål. Kommunane gjer ein god innsats for å gje alle ein trygg og god bustad. Regjeringa har mellom anna utvida bustøtta, seier Kleppa.

Rapportar frå FN og Verdsbanken syner at meir enn halvdelen av folk i verda bur i byar og over 1 milliard menneske bur i slum. Dei har dårleg eller ingen tilgang til vatn og sanitærforhold. Mange bur ulovleg og kan bli kasta ut av heimane sine når som helst. Dei fleste manglar skule og helsetenester og er stadig utsette for kriminalitet og overgrep.

- Bustadløyse er særs problematisk for land med små ressursar. Noreg har i mange år støtta FN sitt arbeid med å medverka til miljøvennlege byar og bustader til alle, seier Kleppa.

I Noreg vert dagen markert med ein konferanse i regi av Habitat Norge og NIKU. Konferansen er støtta av Utenriksdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, NORAD og Husbanken, og tema er “Slum cultures - the role of cultural heritage in poor urban settlements”. 

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.