Historisk arkiv

Kommuneproposisjonen 2010

Forvaltningsreforma gir fylkeskommunane meir pengar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

7,4 milliardar kroner følgjer med dei nye oppgåvene fylkeskommunane får i samband med forvaltningsreforma.

7,4 milliardar kroner følgjer med dei nye oppgåvene fylkeskommunane får i samband med forvaltningsreforma.

- Vi får no på plass eit godt økonomisk opplegg for reforma. Særleg er det viktig at fylkeskommunane får ei auke i dei varige, frie inntektene når dei frå 2010 vert ansvarlege for riksvegane utanom stamvegane, seier kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa. 

Andre viktige verkemiddel for ei meir samordna regional utvikling er regionale forskingsfond, drifts- og finansieringsansvar for fagskolar og at fylkeskommunane vert ein stor deleigar i Innovasjon Noreg.

- Eg har store forventningar til fylkeskommunane. Dei styrkar no rolla si som utviklingsaktør i eige fylke, seier Kleppa.

Med dei nye oppgåvene følgjer pengar, både pengar som staten brukar til oppgåvene i 2009 og friske midlar. Samla vil rammetilskotet til fylkeskommunane i 2010 verta auka med i overkant av 7,4 milliardar kroner i samband med reforma. Av desse er vel 6,3 milliardar kroner pengar som staten bruker til oppgåvene i 2009, medan 1,1 milliardar kroner er ei styrking av dei aktuelle områda samanlikna med situasjonen i 2009. Styrkinga er fordelt med 1 milliard kroner i vekst i dei frie inntektene grunngjeve med eit auka vegansvar og 100 millionar kroner til årsverk. 

Forvaltningsreforma trer i kraft 1. januar 2010.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.