Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2011

Auka skatteinntekter i 2010

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Nye anslag viser at kommunane får auka skatteinntektene sine med om lag 800 millionar kroner i 2010.

Nye anslag viser at kommunane får auka skatteinntektene sine med om lag 800 millionar kroner i 2010.

- Desse pengane kan kommunane bruke til å betre den økonomiske situasjonen sin, for eksempel ved å betale gjeld, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Det er ny informasjon om skatteinngangen som gir eit oppdatert anslag på skatteinngangen. Auken på om lag 800 millionar kroner fordeler seg  med 650 millionar kroner på kommunane og 150 millionar kroner på fylkeskommunane.

Den reelle veksten i dei samla inntektene til kommunesektoren i 2010 er berekna til 7,1  milliardar kroner. Veksten i dei frie inntektene er berekna til 3,9 milliardar kroner i år.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.