Historisk arkiv

Framleis behov for betre styring internt i kommunane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ein fersk rapport konstaterer mykje godt arbeid med internkontrollen i kommunane, sjølv om arbeidet i for stor grad er fragmentert og usystematisk.

Ein fersk rapport konstaterer mykje godt arbeid med internkontrollen i kommunane, sjølv om arbeidet i for stor grad er fragmentert og usystematisk.

- Endå betre internkontroll i kommunane vil bety mindre behov for statleg kontroll, påpeiker kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
 
Rapporten er laga av KPMG på oppdrag frå KS og med støtte frå Kommunal- og regionaldepartementet.

- Kommunane må sjølve finne fram til eigna måtar å utvikle styringa og kontrollen i verksemda si på. Det gjev den beste tilpassinga og dermed høgast effektivitet. Gode rutinar og gode system er avgjerande for ei best muleg bruk av ressursane og dermed best muleg tenester til innbyggjarane, seier Navarsete.

Rapporten gjer greie for korleis einskildkommunar arbeider med heilskapleg styring, handtering av avvik, innkjøp og informasjonstryggleik.

- Når internkontrollen er del av det daglege arbeidet, blir risikoen for svikt i rutinane mindre. Ut frå kjennskapen til eiga verksemd, risikovurderingar og systematisk oppfølging, kan kommunane komme langt ved eiga hjelp og dei kan lære av kvarandre, seier Navarsete.

KS legg mellom anna opp til å følgje opp rapporten med eit idéhefte til korleis kommunane kan bli endå betre på internkontroll.

Fylkesmennene har fått beskjed frå regjeringa om å ta omsyn til den kommunale eigenkontrollen i planlegginga, prioriteringa og gjennomføring av tilsynet retta mot kommunane. Slik kan ein få størst mogleg nytte av tilsyn og unngå unødig dobbeltarbeid.

- Eg meiner at god styring og kontroll internt i kommunane kan leggje grunnlag for redusert statleg styring og tilsyn. Dette bør òg kommunane sjølve vere opptekne av, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.