Historisk arkiv

Fylkeskommunane styrkar samarbeidet med kommunane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

18 fylkeskommunar tek no grep for å betre sitt arbeid med å støtte kommunane i å utvikle attraktive lokalsamfunn gjennom satsinga Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK). Kommunal- og regionaldepartementet løyver ytterlegare 30 millionar kroner til fylkeskommunane for å støtte samarbeidet.

18 fylkeskommunar tek no grep for å betre sitt arbeid med å støtte kommunane i å utvikle attraktive lokalsamfunn gjennom satsinga Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK). Kommunal- og regionaldepartementet løyver ytterlegare 30 millionar kroner til fylkeskommunane for å støtte samarbeidet.

Ein rapport frå Telemarksforsking viser eit potensial for å betre samarbeidet mellom fylkeskommunar og kommunar om å utvikle attraktive lokalsamfunn. Undersøkinga viser at kommunane meiner at fylkeskommunen er ein viktig bidragsytar i dette arbeidet. 51 prosent meiner likevel at samarbeidet mellom kommunane og fylkeskommunen har eit stort betringspotensial. Særleg etterspør kommunane fylkeskommunane som initiativtakar og pådrivar.

-Fylkeskommunane viser no gjennom sine søknader at dei er godt i gang med å vidareutvikle samarbeidet med kommunane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

-Mykje ligg godt til rette for at kommunane gjennom dette samarbeidet blir enda betre til å planlegge, mobilisere, samarbeide og gjennomføre utviklingstiltak. Slik vil ein utvikle meir attraktive lokalsamfunn, seier statsråden. 


Fordelinga av midlar mellom fylka 2011:

Fylkeskommune

Tildelte midler 2011

Finnmark

2 250 000

Troms

1 713 000

Nordland

1 865 000

Nord-Trøndelag

800 000

Sør-Trøndelag

1 600 000

Møre og Romsdal

4 500 000

Sogn og Fjordane

1 300 000

Hordaland

1 500 000

Rogaland

1 000 000

Vest-Agder

1 000 000

Aust-Agder

1 525 000

Telemark

1 038 000

Vestfold

1 800 000

Buskerud

1 190 000

Oppland

1 100 000

Hedmark

2 000 000

Akershus

1 000 000

Østfold

2 328 000

Totalt

29 509 000

 

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.