Historisk arkiv

Retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og tenesteproduksjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionaldepartementet 

Statsråd: Liv Signe Navarsete 
 

Retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og tenesteproduksjon

Bakgrunn
Retningslinjene for lokalisering av statlege arbeidsplassar og tenesteproduksjon var sist endra i 2001. Bakgrunnen for revisjonen som vert lagt fram no er behov for å gjere naudsynte endringar og ønskje om presiseringar av retningslinjene for å vidareutvikle dei til å bli eit betre verktøy.

Mål for retningslinjene
Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) meiner det er viktig å ha ein tydeleg og aktiv lokaliseringspolitikk for å sikre at innbyggjarane i alle delar av landet har god tilgang på statlege tenester, og at det er ein god regional balanse i lokaliseringa av statlege arbeidsplassar. Statlege arbeidsplassar utgjer ofte verdifulle kompetansearbeidsplassar i lokale arbeidsmarknader.

Hovudmålet for regjeringa sin distrikts- og regionalpolitikk er å oppretthalde hovudtrekka i busettingsmønsteret og sikre likeverdige levekår i alle deler av landet. Innanfor dei overordna måla skal retningslinjene på denne bakgrunn medverke til å:

  • Få ei jamnare regional fordeling av statlege arbeidsplassar.
  • Syte for at statleg tenesteproduksjon i størst mogleg grad sikrar innbyggjarane i alle delar av landet god tilgang på statlege tenester.
  • Leggje til rette for å kunne byggje profesjonelle fagmiljø også utanfor dei større pressområda.

Innhaldet i dei reviderte retningslinjene

Avgrensing
Retningslinjene skal omfatte statlege verksemder som ligg direkte under staten, som statlege forvaltningsorgan og forvaltningsbedrifter. Retningslinjene omfattar ikkje føringar  for den konkrete plasseringa i byar og tett¬stader av kontorstadene for statlege arbeids¬plassar. Dette skal skje i følgje planar etter plan- og bygningslova innanfor rammene av nasjonale forventningar til og retningslinjer for planlegginga.

Generelle lokaliseringskriterium
I dei reviderte retningslinjene er kriteria for prioritering av lokaliseringsstader presiserte til følgjande: 1) Nye statlege arbeidsplassar, og endra lokaliseringar av etablerte verksemder utanfor Oslo, skal lokaliserast utanfor Oslo¬. Unntak frå dette skal ha særlege grunnar, og då skal ein vurdere lokalisering i Groruddalen. 2) Ein skal lokalisere statlege verksemder i regionale sentra som medverkar til å utvikle robuste arbeidsmarknader, men unngå einsidig konsentrasjon av statleg verksemd til største by-område i fylke eller landsdel. 3)Dersom anna er likt, skal ein velje den minst sentrale staden innanfor verkeområdet for dei distriktspolitiske verkemidla.

Avvegingskriterium
I retningslinjene er fire kriterium vidareført som grunnlag for vurdering av lokalisering: Krav om tilgang til tenesta, kompetanse¬krav i verksemda, krav til infrastruktur mv. og krav om at verksemda skal drivast kostnadseffektivt. I dei reviderte retningslinjene står det at desse faktorane skal dokumenterast og grunngjevast før avgjerd om lokalisering.

Krav ved strukturendringar
I dei reviderte retningslinjene er det vidareført at det aktuelle fagdepartement skal avgjere nye lokaliseringsmønster ved større strukturendringar i statlege verksemder. Dersom det kan følgje negative konsekvensar av eit vedtak skal det vurderast om oppgåver kan desentraliserast til område som er råka av omstilling, og finnast løysingar for god tenestetilgang, der det er naudsynt, i dialog med aktuelle kommunar.

Ansvarsdeling
Dei reviderte retningslinjene tydeleggjer fagdepartementa sitt ansvar for å sikre at underliggjande verksemder følgjer opp desse retningslinjene. I tillegg er det tatt inn konkrete krav til konsekvensutgreiingar ved endringar i lokalisering av statlege verksemder. Det blir vidareført at KRD årleg skal innehente informasjon frå departementa om planlagde og pågåande endringsprosessar som kan ha tyding for lokaliseringa av arbeidsplassar og tenesteproduksjon. KRD vil elles understreke at departementa skal informere KRD når dei set i gang eit utgreiingsarbeid som kan angå lokaliseringsspørsmål, og trekkje KRD inn i vurdering av lokaliseringsstader.

Kommunal- og regionaldepartementet
t i l r å r :

Retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og tenesteproduksjon vert godkjent i samsvar med vedlagte forslag.