Historisk arkiv

Spanande bustadprosjekt på Stokkøy får 1,5 millionar kroner frå Bulystsatsinga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse ligg på Stokkøy i Åfjord kommune, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse ligg på Stokkøy i Åfjord kommune, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Me er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I utveljinga av Bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader.

- I den planlagde prosjektperioden skal Stokkøy utvikling AS starte utforminga av ein ny, moderne, miljøvenleg landsby, som vil gje nye perspektiv og kanskje nytt innhald i omgrepet det gode livet på bygda. Prosjektet er heilt klart spenstig og nyskapande. Eg vonar verkeleg at prosjektet lukkast, og eg gleder meg til å sjå kva resultat de klarer å få til, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.