Historisk arkiv

72,1 millionar til regional utvikling i Hordaland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Statsbudsjettet 2013

Regjeringa gjer framlegg om at tilskotet til Hordaland fylkeskommune for regional utvikling blir på om lag 72,1 millionar kroner i 2013.

Regjeringa gjer framlegg om at tilskotet til Hordaland fylkeskommune for regional utvikling blir på om lag 72,1 millionar kroner i 2013.

I statsbudsjettet for 2013 foreslår regjeringa å løyve rundt 2,7 milliardar kroner til ein ekstrainnsats i distrikts- og regionalpolitikken. Fylkeskommunane skal forvalte vel 79 prosent av desse midlane.

Gjennom distrikts- og regionalpolitikken ynskjer regjeringa å leggje til rette for busetjing og verdiskaping i heile landet.

- Kjernen i det regionale utviklingsarbeidet er å fremje ei heilskapleg samfunnsutvikling. Fylkeskommunane er med på å utvikle attraktive stader og auke verdiskapinga til næringslivet i heile landet. Dei handlar ut frå eigne utfordingar og mål, er gode pådrivarar og samarbeidspartnarar for regional uvikling og får ting til å skje i lokalsamfunna våre, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Av løyvinga til Hordaland er 10,8 millionar kroner sette av til kommunale eller regionale næringsfond. Midlane skal setje næringssvake kommunar eller regionar betre i stand til å støtte opp om lokal næringsutvikling.

3 millionar kroner av løyvinga til Hordaland er sette av til å møte omstillingsutfordringar.

Etter årsskiftet vil fylket òg få kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift. I 2012 var kompensasjonsmidlane i Hordaland på 47 millionar kroner.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.