Historisk arkiv

1 045 000 kroner i bulystmidlar i Midtre Gauldal kommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Det har kome inn mange, spennande utviklingsprosjekt frå heile landet. Tildelinga for 2012 er no klar. Eitt av prosjekta som får støtte skal utarbeide ein samarbeidsmodell for skule-næringsliv-forsking i Midtre Gauldal kommune i Sør-Trøndelag, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Det har kome inn mange, spennande utviklingsprosjekt frå heile landet. Tildelinga for 2012 er no klar. Eitt av prosjekta som får støtte skal utarbeide ein samarbeidsmodell for skule-næringsliv-forsking i Midtre Gauldal kommune i Sør-Trøndelag, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet er no inne i det tredje og nest siste året med buystsatsing. Det er sett av 32 millionar kroner til bulyst i 2012.

Pilotprosjekt i Midtre Gauldal kommune får støtte for å utvikle treklyngemiljøet til ein vital og framtidsretta bransje med god rekruttering. Prosjektet skal styrke samarbeidet mellom FoU-miljø, ungdom og verksemder. Samarbeidspartnarar er Gauldal videregående skole, Midtre Gauldal kommune, lokalt næringsliv, NTNU, SINTEF, HIST og Ungt entreprenørskap. Dette er eit ungdomsprosjekt som kan bidra direkte til auka sysselsetjing i kommunen, med potensial for stor overføringsverdi om ein får til å utvikle ein innovasjonsmodell kring samarbeidet vidaregåande opplæring, næringsliv og FoU-miljø.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber pengar til utviklingsprosjekt, som skal vere med og skape attraktive lokalsamfunn. Me har særleg vore ute etter prosjekt som er nyskapande og som andre kan lære av. Søknadsbunken vitnar om eit stort engasjement i heile landet. Det er mange som ønskjer å vere med å utvikle sitt lokalsamfunn, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I år har det vore særleg merksemd kring integrering av innvandrarar og tilflyttingsprosjekt. Mange distriktskommunar har eit sterkt næringsliv der det er trong for fleire folk. Det er difor mange som vil arbeide med utfordringar knytt til å legge til rette for ei betre integrering av innvandrarar og tilflyttarar, både dei som kjem for å arbeide, og flyktningar. Innvandring frå utlandet er i dag den viktigaste årsaka til folketilvekst i Noreg, både i byane og i distriktskommunar.

- Eg gler meg til å sjå resultatet av pilotprosjektet i Midtre Gauldal i Sør-Trøndelag, seier statsråd Navarsete.

Det har nett kome ein rapport om kva som kjenneteiknar distriktskommunar med suksess, utarbeidd på oppdrag frå Distriktssenteret. Her er det mykje viktig kunnskap om kva som tel mest for å lukkast med å skape attraktive lokalsamfunn. Det er positivt at så mange kommunar arbeider aktivt med lokal samfunnsutvikling. Responsen på departementet si bulystsatsing syner at mange kommunar arbeider med spørsmål knytt til attraktivitet og tilflytting. Dette er eit viktig arbeid som Kommunal- og regionaldepartementet vil stø opp om.

I utveljinga av bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader. Distriktssenteret har ei viktig rolle i oppfølginga av bulystsatsinga, både når det gjeld formidling og erfaringsoverføring frå arbeidet.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.