Historisk arkiv

950 000 kroner i bulystmidlar til Værlandet Vel og Jostedalen Bygdelag i Sogn og Fjordane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Det har kome inn mange, spennande utviklingsprosjekt frå heile landet. Tildelinga for 2012 er no klar og eitt av prosjekta som får støtte er tilflyttingsprosjektet til Værlandet Vel og Jostedalen Bygdelag, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Det har kome inn mange, spennande utviklingsprosjekt frå heile landet. Tildelinga for 2012 er no klar og eitt av prosjekta som får støtte er tilflyttingsprosjektet til Værlandet Vel og Jostedalen Bygdelag, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet er no inne i det tredje og nest siste året med bulystsatsing. Det er sett av 32 millionar kroner til bulyst i 2012.

Prosjektet Fjellfolk, havfolk og byfolk, Værlandet Vel og Jostedal Bygdelag er eit tilflyttingsprosjekt som vil skape bulyst og attraktive lokalsamfunn på to plassar i Sogn og Fjordane. Ein vil nytte naturbaserte reiselivsopplevingar og småskala reiselivsaktivitet for å skape attraktive møteplassar og sesongarbeidsplassar for ungdom. Det er tiltak som kan vere med og forsterke profileringa av desse bygdene. Prosjektet har ein strategi for at naturbaserte reiselivsopplevingar kan gjere ungdom meir interesserte i å busetje seg i lokalsamfunna.

- Slik kan bygdene som er med i dette prosjektet ha glede av same metodar som har virka for å få tilflytting i regionale sentra som Eid og Sogndal, seier statsråd Navarsete.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber pengar til utviklingsprosjekt, som skal vere med og skape attraktive lokalsamfunn. Me har særleg vore ute etter prosjekt som er nyskapande og som andre kan lære av. Søknadsbunken vitnar om eit stort engasjement i heile landet. Det er mange som ønskjer å vere med å utvikle sitt lokalsamfunn, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I år har det vore særleg merksemd kring integrering av innvandrarar og tilflyttingsprosjekt. Mange distriktskommunar har eit sterkt næringsliv der det er trong for fleire folk. Det er difor mange som vil arbeide med utfordringar knytt til å legge til rette for ei betre integrering av innvandrarar og tilflyttarar, både dei som kjem for å arbeide, og flyktningar. Innvandring frå utlandet er i dag den viktigaste årsaka til folketilvekst i Noreg, både i byane og i distriktskommunar.

Det har nett kome ein rapport om kva som kjenneteiknar distriktskommunar med suksess, utarbeidd på oppdrag frå Distriktssenteret. Her er det mykje viktig kunnskap om kva som tel mest for å lukkast med å skape attraktive lokalsamfunn. Det er positivt at så mange kommunar arbeider aktivt med lokal samfunnsutvikling. Responsen på departementet si bulystsatsing syner at mange kommunar arbeider med spørsmål knytt til attraktivitet og tilflytting. Dette er eit viktig arbeid som Kommunal- og regionaldepartementet vil stø opp om.

I utveljinga av bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader. Distriktssenteret har ei viktig rolle i oppfølginga av bulystsatsinga, både når det gjeld formidling og erfaringsoverføring frå arbeidet.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.