Historisk arkiv

Skal finne dei beste til å lage attraktiv stad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Statens pris for attraktiv stad skal delast ut for første gong i 2012. Fristen for å sende inn forslag er 12. februar.

Statens pris for attraktiv stad skal delast ut for første gong i 2012. Fristen for å sende inn forslag er 12. februar.

Prisen skal gå til ein kommune eller andre aktørar, som gjennom å involvere offentlege, frivillige og private krefter har vore med på å auke attraktiviteten til ein stad og folk si oppleving av trivsel, tilhøyrsle og stoltheit. Vinnaren får ein sjekk på 250 000 kroner frå Kommunal- og regionaldepartementet.

Alle kan foreslå
Alle kan levere inn forslag på kandidatar. Forslaga må gje ei kort skildring av kva som gjer staden attraktiv, og kva tiltak som har hatt effekt for dette. Forslag kan sendast til post@kdu.no innan 12. februar 2012. Sjølve prisutdelinga vil skje i juni.

Skal inspirere andre
- Mange jobbar for å gjere staden dei bur på meir attraktiv, enten gjennom estetisk opprusting eller andre tiltak. Med prisen ønskjer vi å heidre ein aktør, som gjennom dette arbeidet har skapt stoltheit og trivsel blant innbyggarane, og gjerne auka kjensla av å høyre til der. Eg håpar prisen løftar fram døme og arbeidsmåtar til inspirasjon for heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.