Historisk arkiv

Vil lovfeste retten til bustøtte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Ei eiga lov vil styrkje bustøtta som eit viktig bustadsosialt verkemiddel. I tillegg får vi eit meir tilgjengeleg og oversiktleg regelverk. Det seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Ei eiga lov vil styrkje bustøtta som eit viktig bustadsosialt verkemiddel. I tillegg får vi eit meir tilgjengeleg og oversiktleg regelverk. Det seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I statsråd 30.03.12 blei det gjort framlegg om å skipe ei eiga lov om bustøtte. No skal Stortinget handsame saka.

Framlegget styrkjer òg rettstryggleiken til dei som søker om bustøtte. Dei vil mellom anna få klagesaker avgjort av ei uavhengig klagenemnd. Personvernet blir styrka for dei som søkjer om bustøtte og dei andre i husstanden. Det blir stilt krav om samtykke for å kunne handsame personopplysningar.

Det blir gjort framlegg om å innføre ein systematisk etterkontroll av inntekta og formuen til dei som får bustøtte. Urettmessig mottekne ytingar vil bli kravde tilbake.
 Dette er eit viktig tiltak i det førebyggjande arbeidet med å sikre at bustøtta berre blir gjeve til dei som har krav på det, seier kommunalministeren.

Bustøtta skal sikre dei med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad.
Bustøtte er ein rett søkjaren har dersom han og dei andre i husstanden fyller vilkåra for det

Prop. 76 L (2011 - 2012) om lov om bustøtte (bustøttelova)

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.