Historisk arkiv

Alle stemmer tel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt Tønsberg Blad 07.09.2009.

Røystesetelen din er verdifull sjølv om han vert putta i ei valurne i Vestfold. Eg er usamd med Per Gaasø frå Nøtterøy sine synspunkt i Tønsbergs Blad onsdag 2. september.

Valordninga har gjennom åra vore endra ei rekkje gonger for å ivareta ulike omsyn og endringar i samfunnet. Der er ikkje Noreg i noka særstilling. Dei demokratiske ordningane lever i eit samspel med utviklinga i samfunnet.

Mandatfordelinga mellom fylka og bruken av utjamningsmandat, som vart utvida til 19 ved siste val og skal sikra ei meir matematisk rettferdig fordeling, er eit godt døme på det. Mandatfordelinga kan verta endra ved annakvart val, avhengig av utviklinga i folketalet.

Men det er vert for unyansert når Gaasø med brei penn slår fast at fylke som er store i areal, men har få innbyggjarar får langt fleire mandat enn talet på stemmer skulle tilseia.

Eg lyt minna om at det har vore brei semje i norsk politikk sidan 1814 om at distrikta etter måten skal vera sterkare representert enn meir sentrale strok. Grunngjevinga finn vi i politiske, kulturelle og næringsøkonomiske tilhøve. Innbyggjarane skal verta høyrde uavhengig av kvar dei bur.

Fordi Stortinget altså har avgjort at den særeigne geografien skal spela noko inn, vil mandatfordelinga variera frå valkrins til valkrins. Dette omsynet gjev seg sterkast utslag i Finnmark. Fylket får to representantar meir enn folketalet åleine skulle tilseia.

Gaasø hevdar vidare at valordninga gjorde at dei raudgrøne vant valet i 2005. Han føreset at distriktsmandata frå til dømes Finnmark, Troms, Nord-Trøndelag og Sogn og Fjordane gikk til andre parti, viss dei vart fordelte på Oslo, Akershus og Vestfold. Det ville dei ikkje utan vidare gjera.

I eit velfungerande demokrati skal sjølvsagt alle røyster vera likeverdige. Veljarane i Vestfold kan kjenna seg trygge på at dei tel med 14. september.

Godt val!