Historisk arkiv

Gir meir til kommunane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Østlandets Blad 26.05.2009.

Fremskrittspartiet sin stortingsrepresentant Ib Thomsen misforstår når han her i avisa hevdar at det er langt frå realitetane at kommunesektoren får 6,5 milliardar kroner neste år.

Realitetane er enkle. Det vert meir til skule, barnevern og pleie og omsorg neste år.

Når det gjeld situasjonen for neste år og den veksten Thomsen ikkje trur kommunane får, ser reknestykket slik ut:

  • Kommunane fekk 1,2 milliardar kronar ekstra i frie inntekter allereie i samband med tiltakspakken i januar i år.
  • Nå får kommunane nok ein milliard i revidert nasjonalbudsjett for 2009. I tillegg er skatteanslaget justert opp med 300 millionar kronar. Til saman vert dette 2,5 milliardar som blir vidareførte neste år.
  • På toppen kjem ein vekst på fire milliardar kroner i frie inntekter frå 2010.
  • Til saman gir dette ein auke i kommunane sine frie inntekter på 6,5 milliardar kroner i 2010, samanlikna med statsbudsjettet 2009 vedteke hausten 2008.

Av veksten på fire milliardar kroner neste år, skal 2,5 milliardar kroner gå til kommunane og 1,5 milliardar kroner til fylkeskommunane.

I den raudgrøne regjeringsperioden 2005 til 2009 har kommunesektoren fått i underkant av 32 milliardar kroner i auka inntekter. Sysselsetjinga har auka med mellom 30 000 og 35 000 fleire årsverk.

Det er tal som vi regjeringa er nøgde med. Vi er audmjuke i høve til den situasjonen fleire einskildkommunar opplever. Det er framleis uløyste oppgåver. Vi har likevel eit budsjett som gir høve til å styrka tenestene også neste år.