Historisk arkiv

Ja til debatt om kommunegrenser!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Rogalands Avis 08.05.2009.

Eg skjønar ikkje kvifor RA på leiarplass skriv at eg vrir meg unna debatten om kommunegrenser. Det stemmer ikkje! Eg drøftar gjerne denne saka, men har  ei anna tilnærming enn Venstre si tvangstrøye.

Mitt utgangspunkt er at det skal vera friviljug for kommunane å fastsetja grensene sine. 430 kommunar er ikkje noko heilag tal.

Om vi i dag skulle delt inn landet, hadde truleg kommunegrensene sett annleis ut. No ligg dei der! Dei har vist seg å vera seige!

Det er i dag ingen ting som hindrar Lars Sponheim sine ordførarar og lokalpolitikarar å ta initiativ til samanslåing. Senterpartiet har sjølv teke slike initiativ. Vindafjord er eitt av fleire døme på det. Vi vil likevel vera garantist på eit punkt, folkeviljen skal høyrast og lyttast til. Friviljugheit er vår basis. Det er jo folket, innbyggjarane, ei kommunereform vil gjelda.

Det synest lett for både Høgre, Fr.p. og no også for Venstre, å teikna nye kart frå Oslo. Vi ser mindre til dette ute i landet. Venstre vil slå saman kommunar der det er 15 minuttar å køyra mellom rådhusa. Det skulle høva godt for Nord- Jæren. Er Venstrefolk i Rogaland samde i det? Verken Høgre-ordføraren i Sandnes, Klepp eller Sola vil finna seg i tvangssamanslåing!

Sjølv er eg overtydd om at kommunane har mykje å henta på meir systematisk samarbeid over dei grensene vi har. Difor skal vi leggja betre til rette for dette, mellom anna gjennom reglar for vertskommunar og samkommunar. Den komande samhandlingsreforma, der kommune og sjukehus skal samarbeida om eit betre helsetilbod, vil gje rikelege høve til å finna gode løysingar.

Når det gjeld storleiken, veit vi at innbyggjarane i mindre kommunar er langt meir nøgde med oppvekstmiljøet og med tryggleiken enn i større kommunar. Dei er også langt meir tilfreds med kommunen når det gjeld ulike omsorgstilbod og miljøtiltak. Stordriftsfordelar kan lett verta til avstandsulemper, det er noko som må med i vurderinga!

Eg er overraska over at RA legg seg på same linja som Erna Solberg og Høgre. Svaret er kommunesamanslåing. Men om eg spør kvifor, vert svaret som då vi stilte foreldra våre eit vanskeleg spørsmål: Jo, for det!

Omsynet til identitet og tilhøyre, omsynet til folkeviljen går det faktisk ikkje an å sjå bort frå. Spør dei i Hå kva omkostningar det medfører. Dei har erfaringar å bidra med!