Historisk arkiv

Gratulerer, Bjarkøy!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegg til Harstad Tidende 15.04.2010

- Som tidlegare samferdsleminister og no med ansvar for kommunal- og regionalpolitikken, gler det meg stort at Bjarkøysambanda no er eit viktig skritt nærare å bli realisert.

Viss nokon med kjennskap til historia i landet vårt var i tvil. Menneska frå Bjarkøy gjev seg ikkje. Difor er det duka for folkefest på øya i dag.

Som tidlegare samferdsleminister og no med ansvar for kommunal- og regionalpolitikken, gler det meg stort at Bjarkøysambanda no er eit viktig skritt nærare å bli realisert. Det har verknader langt utanfor det vakre øyriket nord for Harstad. For heile Sør-Troms er dette ein merkedag.

Ære til lokal innsats
Hovuddelen av æra må gå til dei lokale kreftene. Dei har aldri gjeve opp håpet om at Bjarkøy, Sandsøy og Grytøy skulle bli knytt saman med tunellar. Det er imponerande fordi det alltid vil vere mange gode forslag til samferdsleprosjekt, men aldri nok midlar.

Så har dei lokale ildsjelene også hatt gode medspelarar i fylkespolitikken og på stortingsbenken. Ja, heilt inn i regjeringsapparatet har me merka trøkket frå Bjarkøy. Slikt gjer inntrykk. No har det også gjeve resultat. Mellom anna fordi me frå årsskiftet fekk på plass forvaltningsreforma. Det er ei styrking av fylkeskommunen si rolle, ikkje minst på samferdsleområdet.

Fylkeskommunen har fått meir midlar til rådvelde. Gjennom rentekompensasjonsordninga har Troms fylke fått høve til å auke investeringsramma ved at staten dekkjer rentekostnader for eit lån på 100 millionar kroner pr. år. Ordninga er føresett å gjelde i ti år. Det har gjeve rom for mellom anna dette prosjektet. Eg er glad for at desse midlane kjem heile fylket til gode.

Vil slå seg saman
Realiseringa av Bjarkøysambandet gjer også at kommunane startar arbeidet med å slå seg saman. Dersom kommunar ønskjer å slå seg saman, må det vere fordi innbyggjarane og lokalpolitikarane sjølve meiner at det vil gje eit betre tilbod og ein betre kommune å bu i. Og det er jo tilfelle for Bjarkøy og Harstad. Kommunal- og regionaldepartementet gjev 20 millionar kroner i støtte til realiseringa av tunellane. Me vil også hjelpe kommunane, saman med Fylkesmannen i Troms, i det komande arbeidet med å slå dei to saman.

Frå kommunal- og regionaldepartementet har me innført eit forsøksprosjekt med gratisferjer. Det skal vare i tre år. Håpet er at også det skal verke godt inn på busetnaden og næringslivet, slik tunnelen er tenkt å gjere.

Politikk for distrikta
Store samferdsleprosjekt i områda utanfor dei mest folkerike områda i Noreg vil alltid vere gjenstand for kritikk. Slike ordskifte må me sjølvsagt ha. Det som gjer Noreg unikt og gjev landet kraft er den spreidde busetnaden. Berre slik får me det beste ut av ressursane i naturen og hos dei menneska som bur her. Då treng me kommunikasjonar som utvidar arbeidsmarknaden, gjer det lettare å pendle og sikrar fridom til busetting.

Det er ein av kvalitetane i Noreg at storsamfunnet tar solidarisk ansvar og syter for til dømes vegnett, flyplassar, hamner og utbygging av breiband og fibernett. Det er mellom anna dette dei ukuelege øybuarane feirar.

Gratulerer med dagen!


Innlegget blei sendt til Harstad Tidende 15.04.2010.