Historisk arkiv

Kamp mot gubbeveldet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til media 05.03.2010.

Mitt ynskje for 8. mars er at me får fart på arbeidet med å få fleire kvinner i kommunestyra. Det held ikkje med halvparten av plassane på listene. Kvinnene må stå på toppen.

Menn må gje frå seg makt og posisjonar. Først då får kvinner sin rettmessige plass i lokalpolitikken.

I år er det 100 år sidan kvinner fekk allmenn røysterett ved kommuneval. Røysteretten ved stortingsval kom i 1913. Markeringa av røysteretten er eit godt høve til å rette merksemda mot kvinnedelen i lokalpolitikken. 

Likestilling med sniglefart
Der står det nemleg dårlig til. På dei siste 10 åra har kvinnedelen i kommunestyra gått opp frå 33 prosent til 37,5 prosent. Dersom likestillinga skal snigle seg fram i same tempo, vil det ta meir enn 30 år før halvparten av kommunestyremedlemane er kvinner.

Når me kjem til leiarverva, er det enda lengre mellom kvinnene. Det er 40 prosent kvinner i dei fleste utval, styre og råd, men berre 23 prosent kvinner i leiarverva. Berre to av ti ordførarar er kvinner. Forklaringa er enkel. Oftast er det menn som får trone på toppen av listene. Ved valet i 2003 var nær åtte av ti listetoppar menn. Slik kan det ikkje halde fram.

Det er mange forklaringar på at kvinnedelen i kommunestyra, formannskap og blant ordførarane er låg. Grunnen er likevel ikkje at kvinner ikkje deltek i samfunnsstyringa. Heilt frå slutten av 1800-talet og fram mot 1970- åra, har kvinnene vore synlege og teke makta i dei friviljuge organisasjonane.

Kvinnedominerte organisasjonar som for eksempel Sanitetsforeningen, Noregs bondelag, Norsk Husmorforbund med fleire har vore viktige premissgjevarar i utbygginga av velferdskommunen. Dei har dermed vore med å leggje grunnlaget for dei velferdstenestene me har i dag.

Strategi for rekruttering
Samstundes må kvinner også vere representerte der det blir fatta politiske vedtak. Det er derfor naudsynt at kommunar og parti utviklar nye strategiar for å hanke inn dugelege kvinnfolk.

Mange kvinner slepp ganske enkelt ikkje til – eller dei blir ikkje spurde. Mange flinke kvinner vil ikkje eller dei kjenner at det er vanskeleg å ta på seg lokalpolitiske verv. Dei finn det for krevjande å kombinere lokalpolitikk med familie- og omsorgsoppgåver, eller i høve til jobb og arbeidsgjevar.

Kommunestyra må gå i seg sjølve for å finne ut om dei har lagt opp ei arbeidsform - og ein kultur som appellerer til kvinner. Eg har møtt kvinner med verv lokalt som mellom anna slit med at alle møte er på kveldstid. For mange kan det gjere det vanskeleg å få livet til å henge saman. Det er trist når eg høyrer om kvinner som har teke dette opp i kommunestyret, utan å bli teke på alvor.

Nominasjon styrt av menn
Ein annen viktig arena for å sikre kvinner plass er nominasjonsnemndene i kommuneparti og fylkesparti. Dei blir sette ned i desse tider, og dei avgjer langt på veg om kvinner skal få meir makt i lokalpolitikken.

Eit hovudproblem er at medlemene i nominasjonskomiteane i stor grad rekrutterer folk som er lik dei sjølve eller som dei kjenner godt frå før.

Me må bryte mønsteret som gjer at nominasjonsnemndene har ei overvekt av menn – og at det er menn som er leiarar og legg føringane for korleis listene skal sjå ut. Me kan ikkje ha det slik i 2010.

Fleire kvinner i lokalpolitikken er eit demokratisk spørsmål. Det vil gje større breidde i synspunkt og korleis me løyser ulike saker. Eg meiner også tenestetilbodet vil bli betre dersom kvinner får større påverknad. Alle parti, inkludert mitt eige Senterparti, må ta eit krafttak for å få fleire kvinner inn i lokalpolitikken og til leiarposisjonane.

Slutt på gubbeveldet
401 av 430 kommunestyre har i dag mannsfleirtal. Eg vil ha fleire kvinnelege kommunestyrerepresentantar, fleire kvinnelege ordførarar og fleire kvinnelege rådmenn.

Eg vil ganske enkelt ha slutt på gubbeveldet i lokalpolitikken. Dette er eit enkelt reknestykke; skal nokre få meir makt, må andre gje frå seg makt.

Samfunnet treng den politiske dugnaden meir enn nokon gong. Mi oppfordring til dei som legg den lokalpolitiske kabalen er difor å lokke kvinnene til topps. Og til mine medsøstre - ta på deg lokalpolitiske verv, gjerne leiarverva, når du no blir spurd!

Gratulerer med kvinnedagen!