Historisk arkiv

Misforstått om kommunale inntekter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegg til VG 18.05.2010

- forslaget til nytt inntektssystem straffar store og premierer små kommunar.

VG misforstår når avisa i ein leiar 14. mai hevdar at regjeringa i forslaget til nytt inntektssystem straffar store og premierer små kommunar.

Det er feil. Endringane er tilpassa dei faktiske kostnadene ved å yte likeverdige tenester til innbyggjarane i alle kommunar.

Reaksjonane på forslaget fortel tydeleg at dei nøgde og misfornøgde fordeler seg jamt mellom alle kommunestorleiker.

La meg klargjere nokre misforståingar om det nye inntektssystemet. På bakgrunn av faglege utreiingar, mellom anna frå eit utval sett ned av dåverande kommunalminister og Høgre-leiar Erna Solberg, gjer me framlegg om å endre den objektive delen av systemet.

Utforminga av desse kriteria var gått ut på dato. Busettingsmønster, utfordringar knytt til levekår, samansetninga av befolkninga og tenestebehov har endra seg mykje sidan første halvdel av 90-tallet. Kostnadene knytt til å drive ein kommune er med andre ord annleis i dag.

Dei faglige endringane me foreslår, slår ulikt ut, også innanfor dei einskilde kommunegruppene. Desse endringane utgjer totalt to milliardar kroner. Dei samla inntektene i kommunesektoren er vel 330 milliardar kroner.

Endringane i dei objektive kriteria, gjev grunnlag for å justere den politiske delen av inntektssystemet. For eksempel er tilskotet til kommunar i Nord-Noreg og Namdalen redusert. Det same er småkommunetilskotet. Me fjernar delar av hovudstadstilskotet fordi endringane i den objektive delen betre fangar opp dei utfordringane Oslo har knytt til levekår. Me innfører eit storbytilskot for betre å fange opp dei utfordringane dei største byane har knytt til storleik.

Nokre kommunar taper sjølvsagt på endringane. Desse blir kompensert for om lag 60 prosent av det dei taper ut over 100 kroner pr innbyggjar. Me sett av 400 millionar kroner av inntektsveksten i kommunane til kompensasjon.

Regjeringa omfordeler, som VG påpeiker, skatt. Det gjer me fordi det er store inntektsskilnader mellom kommunar på grunn av skatteinntekter. Dei varierer mellom 60 og 260 prosent av landsgjennomsnittet. Heile 388 kommunar tener på omlegginga. Korleis VG får dette til å bli at regjeringa er ”frekk” nok til å subsidiere småkommunane, er vanskeleg å forstå.
Avisa misforstår også når ho trur at endringane i inntektssystemet heng saman med nokon idealstorleik på kommunane. Avisa tar i realiteten til orde for at staten skal straffe dei kommunane der busettingsmønster, storleik, levekår og samansetning av befolkninga har gjort det dyrare enn gjennomsnittet å levere likeverdige kommunale tenester.

Ein slik politikk vil ikkje føre til kommunesamanslutningar, men til tvangsflytting av innbyggjarane, og ei brutal inndeling av kommunane i a- og b-lag.

Ein av dei største skilnaden på dei nye og dei gamle kostnadsnøklane, er at me no tek meir omsyn til sosiale tilhøve og levekår. Det er eg stolt av.