Historisk arkiv

Tale på den bustadsosiale leiarkonferansen

- Naudsynt med brei innsats i bustadpolitikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

- Bustadpolitikken i framtida må vere prega av samhandling på tvers av forvaltningsnivå og etatar. Kommunane har eit stort ansvar. Det må verdsetjas, sa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete på den boligsosiale leiarkonferansen 20. september.

Velkommen til den femte bustadsosiale leiarkonferansen som me arrangerer saman med KS. Oppslutnaden om konferansen aukar for kvart år.
Interessa for bustadpolitikken er stor.  Me står overfor utfordringar – nokre store, nokre mindre – som me alle ser oss tente med å løyse på ein best muleg måte.
Difor må me dele erfaringar og synspunkt.

For oss er årets konferanse ekstra viktig.
For det fyrste skal me signere ein ny samarbeidsavtale med KS.
Me har hatt eit formelt samarbeid sidan 2005. Denne gongen skal fire andre statsrådar også signere avtalen.
Målet er at me i enda større grad ser bustadsosialt arbeid i ein velferdspolitisk samanheng. Ingen kan lukkast aleine.

Verdifullt samarbeid
Me har hatt stor nytte av å samarbeide med KS – både politisk og administrativt. I dag har me hatt eit frukostmøte med KS sitt storbynettverk. Der deltek dei sju største byane i landet.
Me har hatt jamlege møter dei siste åra, og erfaringane er verdifulle for meg som kommunalminister og bustadminister.

For det andre skal den årlege prisen for beste tiltak for bustadlause overrekkast i dag.  Eg gler meg til å høyre meir om dei nominerte og til å få dele ut prisen til vinnaren.
Sist og ikkje minst: Årets konferanse er eit viktig høve å få innspel til ny stortingsmelding om bustadpolitikken.
Denne møteplassen mellom regjeringa og kommunesektoren er den sentrale arenaen for å lukkast i bustadpolitikken.
 
18. august i år fekk me overlevert ei offentleg utgreiing om sosial bustadpolitikk. Den er no ute på høyring og me treng innspel.
Utgreiinga har fått namnet: ”Rom for alle. En sosial boligpolitikk for framtiden”.
Medlem av bustadutvalet og bustadsjef i Tromsø kommune, Roar Stangnes, vil presentere utgreiinga seinare i programmet.
Eg vil likevel seie nokre ord om den.

Bustad - ein velferdspilar
Det har vore viktig for meg å få nye blikk på bustadpolitikken til regjeringa, slik at me kan sikre ein aktiv og utviklingsorientert innsats.
Inntrykket mitt at utvalet har løyst oppgåva si godt ut frå mandatet dei fekk.
Utvalet slår fast at bustad er ein viktig velferdspilar, ein pilar som er underkommunisert.
Merk at utvalet ikkje har sett på bustadforsyninga eller gått tungt inn i spørsmålet om bustadbygging i distrikta. Dette vil likevel inngå i stortingsmeldinga.

Særleg interessant er analysen kring eigaretablering av vanskelegstilte. Analysen har avdekka nye mulegheiter for grupper som i dag er svakt representerte på eigemarknaden.
Dette er nybrotsarbeid og starten på ein viktig diskusjon om korleis me brukar dei statlege midlane i bustadpolitikken best for dei som er avhengige av hjelp.
Å bli eigar gjev fordelar.
Eg vil særleg sjå nærmare på korleis fleire utviklingshemma kan kjøpe sin eigen bustad, og slik får ein meir normalisert busituasjon.

Privat leigemarknad
Utvalet tilrår også tiltak på den private leigemarknaden, slik som satsing på fleire studentbustader, ei ytterlegare utviding av Husleigetvistutvalet og ein frivillig sertifiseringsordning for utleiarar. Det skal me arbeide vidare med.

Eg er også nøgd med at utvalet lyfter fram kommunane som hovudaktør. Kommunane har fått eit stort ansvar som må verdsetjas og reflekterast i rammene som blir sette frå statleg hald. Samstundes er det eit forbetringspotensiale i mange kommunar. Eg vil bidra til at dei «svake» kommunane lærer av kommunane som har lukkast i dette viktige velferdsarbeidet.

Ambisjonane om at alle skal kunne bu godt og trygt har eit moralsk aspekt.
Det dreier seg om respekt og verdigheit for alle menneske, også for dei som er i ein vanskeleg og sårbar livssituasjon.
I Noreg skal alle kunne få den hjelpa dei treng til å skaffe seg og halde på ein bustad. Stadig fleire kommunar tenker heilskapleg og langsiktig kring politikkområdet. Samstundes er utvalet klar på at det er eit stort forbetringspotensial.
Skal arbeidet lukkast, må det forankrast i den politiske og administrative leiinga.
Det er eit ansvar me må fylgje opp saman.

Innsats gjev resultat. Ikkje berre blir bustadsituasjonen i kommunen betre. Utan ein trygg bustad kan ein vanskeleg sjå for seg at andre tenester og tilbod er tilstrekkelege.
Ein god bustadpolitikk vil bidra til arbeid og kvalifisering, utdanning, helse, integrering og inkludering, og kunne hindre kriminalitet.
Dessutan – og det må Kommune-Noreg merke seg: Det løner seg å prioritere godt bustadsosialt arbeid, viser ei undersøking.

Vanskelegstilte personar
Ved hjelp frå SSB anslår utvalet at rundt 150 000 personar er vanskelegstilte på bustadmarknaden. De som jobbar i kommunen veit at ein vanskeleg situasjon kan oppstå for dei fleste av oss.
Det kan vere samlivsbrot, tap av arbeid, eller ei funksjonshemming som gjer at bustaden ikkje lenger er tilpassa behova.
Nokre treng litt hjelp i ein kort periode, mens andre treng meir samansette tenester over lang tid.

I dag vil eg særleg trekkje fram dei som er utan bustad over tid, og som har rusproblem og psykiske lidingar. Eg forstår at det kan vere krevjande å finne dei gode løysingane for personar med store hjelpebehov, men me kan aldri tillate oss å gi opp.
Lengre opphald på døgnovernattingsstader er ikkje eit tilfredsstillande tilbod for nokon. For denne gruppa foreslår utvalet ei satsing på 2 500 fleire bustader med individuelt tilpassa tenester.
Eg tar med meg forslaget i det vidare arbeidet.

Overgangen frå foreldreheimen eller omsorg frå barnevernet, og overgangen frå fengsel eller institusjon, kan for mange representere ein sårbar situasjon.
For nokre fører den til bustadløyse.

Eg vil særleg lyfte fram arbeidet som er gjort for dei som blir lauslate frå fengsel. Justisdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet har eit godt samarbeid.
Eg ynskjer å overføra slikt samarbeid til andre sektorar.
Berre gjennom tett samarbeid over sektorgrensene fangar me opp dei som fell utanfor.

Omsorgsbustader
Regjeringa har i 2011 gjort fleire endringar i regelverket for tilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Mellom anna er satsane auka frå 20 til 30 prosent for omsorgsbustader og frå 30 til 40 prosent til sjukeheimsplassar.
Dei nye satsane er gjeve tilbakeverkande kraft.
I juni blei det difor etterbetalt 275 mill. kr til kommunar som allereie var ferdig med sine prosjekt.

I tillegg skal kommunane no sjølve kunne bestemme om dei vil byggje og drive omsorgsplassar, eller om dei vil inngå avtalar med frivillige organisasjonar, bustadbyggjelag, private omsorgsfirma eller andre.
EØS-reglane om offentlege innkjøp, som de kjenner godt, må bli fylgt.

Det kommunale handlingsrommet er også auka. Dei fylkesvise rammene er avvikla og fylkesmennene prioriterer ikkje lenger kva for kommunar som kan få tilskot. Det betyr at kommunane definerar behova. Desse tiltaka inneber at det kommunale handlingsrommet er auka.

Me treng meir kunnskap om korleis slike løysingar kan skapast lokalt.
KS er i gang med å greie ut modeller for samarbeid mellom kommunar og ideelle organisasjonar og andre aktørar. Husbanken og KS skal fylgje opp kommunar som har spørsmål og behov for informasjon.

Frå leige til eige
Regjeringa vil at fleire skal kunne gå frå å leige til å eige bustaden sin. Eit svar på den utfordringa er «leige før eige»-prosjekt.

Modellen har fleire fortrinn, for eksempel:
Ikkje alle i dei aktuelle målgruppene ynskjer eller er i stand til å vere bustadeigar frå fyrste dag.
Kommunane får fylgje leigetakaren tettare.
Mulegheiten for å bli bustadeigar motiverer til utdanning, betre helse, arbeid og nettverk.
«Leige før eige»-prosjekt kan finansierast ved at kommunen kjøper bustaden ved hjelp av grunnlån og bustadtilskot til utleigebustader.
Når leigetakaren skal kjøpe bustaden, får han eller ho startlån og bustadtilskot til etablering.

Ein svak bustadmarknad svekker mulegheitene for vekst og rekruttering av dyktige medarbeidarar til privat og offentleg sektor.
Ein rapport frå Norut viser at rundt 200 kommunar har ein liten bustadmarknad - både når det gjeld leige og eige.
Difor foreslår me i statsbudsjettet for 2012 ei ordning med tilskot til etablering i distrikta.
I 2012 vil løyvinga vere på 20 mill. kroner. Tilskotet kan dekkje opptil 600 000 kr eller 20 prosent av prosjektkostnadane. Tilskotet skal auke tilbodet av ulike type utleigebustader og redusere risikoen ved bustadinvesteringa til den einskilde husstand.
Både kommunar og bedrifter kan søkje om tilskot for å kjøpe eller byggje utleigebustader til personar som ynskjer å prøvebu i kommunen.

Brei innsats
Alt heng saman med alt. Også i bustadpolitikken. Innsatsen må vere brei.
Eg vil kort gå gjennom andre område som me vektlegg i bustadpolitikken.

I einskilde geografiske område er levekårsproblema så samansette og store at dei vanskeleg kan løysast utan ei ekstraordinær satsing.
Regjeringa har inngått langsiktige samarbeidsavtalar med Oslo kommune. I 2011 fekk også Bergen støtte til utviklingsprosjekt og gratis kjernetid i barnehage i område med store levekårsproblem.
I neste års budsjett legg me opp til at satsinga i Bergen blir dobla til 6 mill. kr og at Trondheim får 1,5 mill. kr i støtte.

Den sterke folketilveksten i Noreg gjer at regjeringa er oppteken av å føre ein aktiv politikk for å sikre at bustadbygginga blir halden oppe i heile landet.
Dette vil også vere tema i bustadmeldinga.

Me ser at byggjeaktiviteten er i ferd med å ta seg kraftig opp etter ein markant nedgang under finanskrisa.

Husbanken er det viktigaste bustadpolitiske verktøyet. På grunn av stor pågang er låneramma i år auka til rekordhøge 20 milliardar kroner.
Kommunane har ansvar for at det blir regulert nok tomter til bustadformål.

Dette er spesielt viktig i pressområda med stor etterspurnad av areal –
både av omsyn til klima og at innbyggjarane skal kunne bu i bustadene sine heile livet.

Tverrfagleg politikk
Bustadpolitikken i framtida må vere tverrfagleg og prega av god samhandling på tvers av forvaltningsnivå og etatar. For å lukkast må verdien av bustaden i velferdspolitikken bli lyfta fram.
Det vil eg gjere noko med. Men eg treng drahjelp frå dykk i kommunane.
Eg forventar at de som er tilstades her i dag vil bidra.

Sjå berre på kommunane som har inngått forpliktande samarbeid med Husbanken om å utvikle det bustadsosiale arbeidet.
Arbeidet starta for alvor i 2009.

No ser me konkrete resultat.
Hamar kommune omtalar utviklingsarbeidet sitt for eit historiske løft og ein bustadsosial revolusjon.
Lillehammer kommune fortel at alle nivå og tenesteområde trekker meir i same retning.
Høyringa på NOUen vil vere verdifull i arbeidet med stortingsmelding om bustadpolitikken. Me kjem til å  ha fleire høyringsmøte og konferansar undervegs i arbeidet.

Tida for synspunkt og innspel er her.
Me treng eit breitt offentleg ordskifte før me etter planen legg meldinga fram hausten 2012.

Før eg gir meg vil eg takke for det engasjementet de syner for dei som slit på bustadmarknaden.
Eg vonar dagen i dag vil gje nyttig påfyll til det vidare arbeidet.
For de har eit viktig arbeid. De kan forandre livet til mange menneske gjennom ein aktiv bustadpolitikk.

Takk for merksemda.