Historisk arkiv

Innlegget blei seendt til Nordlys 06.04.2011.

Meir politikk for meir verdiskaping

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Velstand og velferd i Noreg heng saman med ein balansert vekst. Me treng politisk vilje for at dette skal halde fram i ei tid der veksten i næringslivet i større grad vil bestå av kompetansearbeidsplassar, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i dette innlegget.

I eit moderne Noreg er det nyskaping, moderne arbeidsplassar og gode offentlege tenester over heile landet.

Frå  forskarhald og politikarar i Oslo blei me i NRK Dagsrevyen nyleg fortalt at det både er bortkasta og urettvist å bruke pengar på distrikta. Folk flest vil jo bu rundt Oslofjorden likevel.

Det er ei samfunnsanalyse som skremmer, og som dessutan er feil. Noreg har bygd velstanden vår på kunnskapsrik forvalting av store naturressursar og arbeidsinnsats frå einskildmenneske over heile landet. Det er verdiskapingaog ressursrikdom i nord eit godt døme på.

Ei balansert regional utvikling er ikkje noko trugsmål mot nasjonal velstand. Snarare ein føresetnad, slik me ser i arbeidet med å utvikle nordområda.

Sats på kompetanse
Nyleg fekk eg i handa ei fersk offentleg utgreiing (NOU 2011:3). Tittelen er lang: Kompetansearbeidsplasser – drivkraft for vekst i hele landet. Arbeidet frå utvalet, leia av professor Karen Helene Ulltveit Moe, bør vere obligatorisk lesing for alle som er interesserte i korleis me skal utvikle Noreg. Det er gode analysar av ei samfunnsutvikling der kompetansearbeids¬plassar er i vekst og alle sektorar får auka behov for utdanna arbeidskraft.

Samstundes har samfunnsutviklinga sett krav til omstilling. Det har betydd nye utfordringar for næringspolitikk, fordelingspolitikken og ikkje minst regionalpolitikken. Omstillinga varierer mykje frå stad til stad. Utvalet peikar på at me ikkje alltid har vore gode nok til å sikre at dei som har mista arbeidet etter nedbemanningar og nedleggingar held fram i arbeidslivet.

Konklusjonen frå utvalet er difor klar: Det er god samfunnsøkonomi å syte for vekst i kompetansearbeidsplassar over heile landet. Berre slik sikrar me høgast muleg nasjonal verdiskaping. Utvalet slår også fast at det er muleg å påverke dei sterke sentraliseringskreftene. Men det krev solid verkemiddelinnsats.

Infrastruktur ikkje umoderne
Fleire av forslaga frå utvalet har ein naturleg plass i ein sterk distrikts- og regionalpolitikk. Me må satse endå meir på betre vegar og ferjefrie samband, regionalt forankra utdanningsinstitusjonar og raske digitale nettverk.

Nokre vil seie at infrastruktur ikkje er svaret på utfordringar knytt til eit kunnskaps- og tenestesamfunn. Det er historielaust. Det var eit formidabelt framskritt då samfunnet fekk eit organisert postvesen. Likeins då telegrafen kom. For ikkje å snakke om rutegåande sjøtransport og jernbane. Også no er me avhengig av effektiv kommunikasjon for å knyte saman den riktige og beste kompetansen.

Infrastruktur er også breiband og eit effektivt mobilnett. Difor er det eit skikkeleg kapasitetsløft for breiband i heile landet når regjeringa no sender på høyring eit forslag til korleis ledige frekvensressursar kan brukast til mobilt breiband. Desse frekvensane – delar av den digitale dividenden – blei frigjorte ved overgangen til digitalt bakkenett for fjernsyn.

Framskritt fylgjer også når ein region får ferjefrie samband. Eikesundsambandet i Møre og Romsdal er eit godt døme. Lofast i Lofoten eit anna. Arbeidsmarknaden er blitt større og meir vekstkraftig.

Sterke regionsentra
Utvalet legg vekt på sterke regionsentra med vekst og dynamikk i arbeidsmarknaden. Dei peiker på at det er viktig også for mindre arbeidsmarknader.

Eg samd med utvalet, for dei som skulle tru noko anna.

Dei som bur i distrikta nyt godt av attraktive regionsenter med eit mangfaldig tenestetilbod og ein variert arbeidsmarknad.

Difor er vidareutvikling av statlege verksemder som sjukehus, høgskular og statlege regionkontor viktige bidrag for å styrke regionsentra.

Regional utdanning
Regionalt forankra utdanningsinstitusjonar er også noko som utvalet trekk fram. Dei  gir både kunnskap og kvalifisert arbeidskraft til arbeidslivet, og er i seg sjølv store kompetansearbeidsplassar. Eg er glad for at me allereie har slike utdanningsinstitusjonar mange ulike stader. Utvalet har interessante forslag til korleis samarbeidet i regionane mellom høgskuler og næringslivet kan bli betre.

Levande lokalsamfunn
Skal me leggje grunnlag for framtidig suksess, må me sikre at det er attraktive arbeidsplassar i levande lokalsamfunn – også utanfor pressområda.

Som kommunal- og regionalminister møter eg nesten dagleg gründerar, offentleg tilsette og bedriftsleiarar. Dei har ulike postadresser, men ei felles tru på at det er muleg å skape noko der dei bur.

Det kan vere ein risikovillig sjokoladeprodusent på Værøy, ein driftig helsesjef som vil samarbeide med nabokommunane eller ein innovativ næringslivsleiar i spissen for ei høgteknologisk verksemd.

Utgangspunktet deira er lokalt, men perspektivet er langt vidare. Dei tenkjer både regionalt, nasjonalt og globalt.

Balansert vekst
Velstand og velferd i Noreg heng saman med ein balansert vekst. Me treng politisk vilje for at dette skal halde fram i ei tid der veksten i næringslivet i større grad vil bestå av kompetansearbeidsplassar.

Noreg har gode føresetnader her. Eg er glad at eit uavhengig utval gjev oss rett i at me treng meir, ikkje mindre distrikts- og regionalpolitikk for å sikre høgast muleg nasjonal verdiskaping.