Historisk arkiv

Innlegget blei sendt til Bergens Tidende 10.05.2011.

Ordskifte om sjølvstyre er ikkje pjatt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

BT tek feil når avisa trur at større lokalt handlingsrom vil gje auka skilnader mellom kommunane kva gjeld kvalitet på tenestene, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i et svar til ein leiar i Bergens Tidende.

Kven driv med pjatt? Eg, som vil ha eit ordskifte om balansen mellom nasjonal styring og lokal handlefridom? Eller BT, som utan særleg grunngjeving meiner ambisiøs nasjonal politikk og lokalt sjølvstyre ikkje kan leve side om side?

Eg blei forundra over leiaren i BT 9. mai. Ein ting er at avisa nærast skuldar meg for å fare med prinsipplaust pjatt når eg freistar å setje forholdet mellom stat og kommune under debatt. Verre er det at BT på sjeldsynt overflatisk vis nærast avskriv eit slikt ordskifte.

Stortingsmelding stat-kommune
Bakgrunnen for leiaren er at eg nyleg heldt eit foredrag om tilhøvet stat og kommune. Om ikkje lenge kjem regjeringa med ei stortingsmelding om dette. Meldinga blir den første på nesten 20 år. I løpet av desse åra har omfanget av og kravet til offentleg velferd auka kraftig. Kommunane har vore sentrale her. Det norske velferdssamfunnet er avhengig av velfungerande velferdskommunar. Det gjev lokalt tilpassa tenester og effektiv ressursbruk.

Samstundes er det lokale sjølvstyret under press frå nasjonale styresmakter. Handlingsrommet til lokalpolitikarane blir mindre, dei statlege byråkratane og reguleringane fleire. Kvar for seg er det gode grunnar for at sektorstyresmaktene strammar grepet. Men samla sett blir utviklinga uheldig.

Regjeringa vil difor i meldinga diskutere korleis det lokale sjølvstyret kan bli styrka.
Me vil mellom anna gje tydeligare føringar for framtidig bruk av lovgjeving om individuelle rettar. Me vil også ha ein kritisk gjennomgang av kva formar for statleg styring som er mest effektiv, når omsynet er å balansere nasjonal politikk med lokal fridom.

Ikkje enkle svar
Diskusjonen er slett ikkje ny, og eg seier ikkje at det finst enkle svar. Motkreftene er sterke og det er mange uløyste dilemma. Nokre av desse konfliktane må me også berre leve med. Politikk handlar om å handtere motsetnader på ein måte som tener fellesskapen.

Samstundes trur eg me kan gje meir ansvar til dei folkevalde i kommunar og fylkeskommunar. Gjennom historia har det jamt vore samspel og konflikt mellom stat og kommune rundt nye velferdsløysingar. Mange gongar har kommunane vore pionerar. Til dømes ser me no at mange kommunar er i front når det gjeld god organisering av det viktige helsearbeidet i samhandlingsreforma. Det gjer meg optimistisk på vegner av sektoren.

Mangfald, ikkje skilnader
BT tek feil når avisa trur at større lokalt handlingsrom vil gje auka skilnader mellom kommunane kva gjeld kvalitet på tenestene. Mangfald er ikkje det same som ulike kvalitetsnivå. Uansett kvar i landet ein bur, skal innbyggjarane ha tilgang på eit likeverdig offentleg tenestetilbod. Det er ein styrke ved det norske samfunnet som blir best ivareteken med mange og sterke kommunar.