Historisk arkiv

Innlegg sendt alle aviser

Ny omsorg for dei eldre

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Me kan ikkje sjå på dei eldre som ei einsarta gruppe. Hjelp til sjølvhjelp vil gje meir aktive eldre og betre alderdom.

Me kan ikkje sjå på dei eldre som ei einsarta gruppe. Hjelp til sjølvhjelp vil gje meir aktive eldre og betre alderdom.

Nyleg var eg i danske Fredericia, kåra til den mest innovative i Danmark for nytenking i pleiesektoren.
Inntrykka etter vitjinga kan oppsummerast i eit ord: Haldningsendring.

Handlingsendringa der har gjort at mange av dei eldre innbyggjarane i kommunen no er aktive borgarar med eit langt meir aktivt og friskare liv enn tidlegare.

Ser mennesket, ikkje gruppa
Kvifor ei slik endring? Jo, dei eldre er ikkje ei einsarta gruppe. Dei er enkeltmenneske, med ulike ressursar og ulike behov.
Ein Fredericia-borgar som blir sjuk, får hjelp til å trene seg opp slik at han eller ho klarar kvardagen best muleg sjølv.

Kommunen let den enkelte innbyggjar setje sine eigne mål. Kanskje er det å gå tur med hunden sin kvar dag. Eller å ta toget og besøkje dottera i København.

Stikkord er tidlig innsats, førebygging og rehabilitering. Målet er å gripe minst muleg inn i livet til den enkelte. Danskane tilbyr også ein samtale med alle over 75 år. Der kartlegg dei behov og mulegheiter framover.

Lokalpolitikarane seier ikkje lenger «dei eldre», dei seier ikkje brukarar.
Dei snakkar om borgarar uansett alder.

Gode resultat
Resultata er fantastiske: 85 prosent klarer seg med mindre hjelp enn før. Dei får kome attende til heimen sin etter sjukehusopphald. No jobbar ni av ti danske kommunar etter same modell som Fredericia.

– Me hadde gått i hjelpefella, seier rehabiliteringssjefen i Fredericia. Også her heime driv me for mykje passiv omsorg. Dei sjukaste skal sjølvsagt få tilbod om sjukeheimsplass når det er det einaste forsvarlige tilbodet.
Me skal framleis byggje fleire sjukeheimar. Men samstundes må me spørje oss om me i dag spring etter pasienten og ikkje er i forkant.

Treng ordskifte om velferd
Erfaringane frå Fredericia har overtydd meg om at me treng eit fordomsfritt ordskifte om korleis me skal utforme velferda framover.
Samfunnet tek i dag høgde for at me lever sjølvstendige og individuelle liv til me vel har passert 70 år. Om me treng hjelp, er hjelpa tilpassa og har som mål at me skal klare oss sjølve.
Dette må vere utgangspunktet også når me blir 80 og 90 år.

Konsekvensane kan bli alvorlige om me ikkje tenkjer nytt om velferd og eldreomsorg. Me risikerer at nesten halvparten som er i arbeid må jobbe med omsorg i 2025. Me kan komme til å knekkje ryggen på bygging og drifting av sjukeheimsplassar.

Kommunar tenkjer nytt
Heldigvis er fleire kommunar er allereie i gong med å sjå på andre løysningar. Voss kommune er inspirert av Fredericia. Dei har starta sitt eige prosjekt for kvardagsrehabilitering, mellom anna i samarbeid med Høgskulen i Bergen. Gloppen kommune har i mange år sett habilitering og rehabilitering på dagsorden.

Døma på innovative og nytenkjande kommunar er fleire. Me ser konturane av Samhandlingsreforma 2.0. Det gjev håp for god kommunal og lokalt tilpassa velferd også i framtida. Det er viktig for samfunnet. Men det er viktigast for det mange seniorane, som lenger enn i dag får leve eit aktiv liv i eigen heim.